Religion

Desse er foreslegne til å bli ny generalsekretær i Misjonskirken

NY LEIAR: Misjonskirken Norge leitar etter arvtakaren til generalsekretær Øyvind Haraldseid. Vårt Land har undersøkt kven som er dei mest aktuelle kandidatane.

Vårt Land har ringt rundt til ei rekkje personar med god kjennskap til Misjonskirken Norge (MKN), og høyrt kven dei tenkjer kan vera aktuelle kandidatar til stillinga som ny generalsekretær i trussamfunnet.

Til våren skal generalforsamlinga til MKN formelt tilsetje ny generalsekretær. Men før den tid skal saka gjennom ein lang prosess. Denne veka gjekk fristen på stillingsutlysinga ut, men i tillegg til ein meir ordinær utlysing, byrja arbeidet med å invitere heile MKN til å foreslå sine favorittkandidatar alt før sommaren. Eit utval av desse blir inviterte til ei uformell samtale, før dei eventuelt går vidare til eit fyrstegongsintervju.

Villig til å snakke om det

Stein Bjørkholt er kyrkjelydsrådsgjevar i MKN. Han seier generalsekretæren har ei viktig rolle i kyrkjesamfunnet, og at folk internt er opptekne av kven som blir arvtakaren til noverande generalsekretær, Øyvind Haraldseid. Likevel er det ikkje tradisjon for at ho eller han peikar ut ei heilt ny retning, seier han.

Stein Bjørkholt er kyrkjelydsrådsgjevar i Misjonskirken Norge

– Fellesskapet har bestemt seg for ein kurs ein ynskjer gjennom eit omfattande strategiarbeid. Det er forventa at generalsekretæren leier oss på den vegen som me i fellesskap har bestemt oss for å gå, seier Bjørkholt.

Han seier dei har mange dyktige leiarar i MKN som han trur kan vera aktuelle til stillinga, men vil ikkje nemne namn.

I samtale med andre har Bjørkholt sjølv kome opp som forslag til leiarstillinga. Ord som brei erfaring, inspirerande og samlande blir brukt.

– Det er så klart triveleg å høyre. Kven ville ikkje synast det?, spør kyrkjelydsrådgjevaren.

Bjørkholt er klar over at namnet hans har kome opp, og har sagt seg villig til å snakke med dei som held i rekrutteringsprosessen, sjølv om han er usikker på kor langt han vil vera med. Men han seier han går inn i samtalene med ope sinn.

– Eg har ein djup respekt for prosessen me står i. Gud har sagt at han vil byggje sin kyrkjelyd, og eg har tru på at den heilage ande er verksam i vår samanheng. Og eg vil gjerne vera med å finne gode løysingar. Så når dei vil snakke med meg, så er eg open for det, seier Bjørkholt.

På tide med ei kvinne

Ingunn Folkestad Breistein, professor i kyrkjehistorie og rektor ved Ansgar høyskole i Kristiansand er også for mange ein opplagt kandidat til stillinga. Det er ikkje uvanleg å gå frå stillinga som rektor på høgskulen som er eig av Misjonskirken til generalsekretærstolen, eller omvendt. Men at det skal skje på nytt no kan Breistein avkrefte.

Ingunn Folkestad Breistein

– Eg er ikkje ein aktuell kandidat. Min plan er å gå tilbake til forsking og undervisning etterpå, seier rektoren.

Ein blir valt til toppstillinga på høgskulen for fire år om gongen, med høve til å sitje i maksimalt to periodar. Breistein har hatt jobben i snart åtte år, sidan januar 2016. Men sjølv om ho ikkje ynskjer seg jobben som generalsekretær har ho likevel tankar om kven som bør vera aktuelle kandidatar:

– Ein ting kan eg seie: Mitt ynskje og håp er å få ein kvinneleg generalsekretær. I eit kyrkjesamfunn der ein sidan oppstarten i 1884 har hatt kvinnelege forkynnarar og kvinner i styrer og råd er det på tide med ein kvinneleg generalsekretær, meiner Breistein, som sjølv blei historisk som den fyrste kvinnelege rektoren ved Ansgar.

Det er ho ikkje aleine om å meine. Mange Vårt Land har snakka med trekkjer fram at det er på tide med ei kvinne, men er usikre på om det finst mange kandidatar med lang og brei nok erfaring.

– Ei kjempestor ære

Siri Iversen, pastor i Flekkerøy misjonskirke.

– Det er fleire kvinner hjå den yngre delen av medarbeidarane våre, og eg gler meg over at me har så mange unge, dyktige leiarar, både jenter og gutar, seier Bjørkholt.

Han opplever at den yngre generasjonen leiarar er flinke til å støtte opp om kvarandre, uavhengig av kjønn. Men han meiner det også finst «godt vaksne», dyktige, kvinnelege leiarar i MKN.

Ein person fleire nemner som ein aktuell kandidat til generalsekretærstillinga, uavhengig av kjønn, er Siri Iversen. Ho er pastor i Flekkerøy misjonskirke.

– Å bli nemnt i den samanhengen er ei kjempestor ære. Spesielt sidan det finst så utruleg mange gode kandidatar hjå oss, seier Iversen.

Fleire aktuelle

Meir vil ho ikkje seie om den saka, anna enn at ho har stor tru på at innstillingsutvalet vil finne den rette for jobben. Sjølv meiner ho at noko av det viktigaste for ein generalsekretær er å spela dei andre medarbeidarane gode, samt å lyfte fram mottoet til MKN: «Guds barns enhet og menneskers frelse».

– Også treng me kanskje å få eit større vi. Medan mange pinsevener har ein sterk identitet knytt til det omgrepet, veit ikkje me eingong heilt kva me skal kalle oss sjølve. MKM-arar? Misjonskirken Norge-folk? Me treng at folk er stolte og begeistra over profilen vår.

Torben M. Joswig, leiar for MKM si nasjonale avdeling og Jens Kåre Lindal, pastor i Vågsbygd Misjonskirke, er andre som fleire trekkjer fram som aktuelle kandidatar. Dei ynskjer ikkje å kommentere saka.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion