Religion

Dette er dei mest brukte Bibel-uttrykka i valkampen

SPRÅK: Politikarar har møttest ansikt til ansikt, det blir ramaskrik og veljarane må skilja klinten frå kveiten. Mange innarbeidde ord og uttrykk som politikarar, politiske kommentatorar og andre brukar har opphavet sitt i Bibelen.

Medieovervakingsbyrået Infomedia har i samarbeid med Nordisk Bibelmuseum gjort ein gjennomgang av norske medium for å sjå nærare på bruken av desse uttrykka i årets valkamp.

Dagleg leiar ved Nordisk Bibelmuseum, Rune Arnhoff, skriv i ei pressemelding at han trur mange blir overraska over å høyra at så mange av desse kjente uttrykka, som flittig blir brukte i dagligtalen, har opphavet sitt i Bibelen.

På museet i Oslo kan ein mellom anna sjå på ordtavler med mange av dei bibelske uttrykka som blir brukte i språket vårt. Dette er ein del av utstillinga, som i sin heilskap omfattar Nordens største bibelsamling.

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB

Ulv i saueham

Det er kanskje freistande å seia at politiske motstandarar er ulv i saueham? Miljøpartiet De Grønnes Farid Shariati uttaler til Utrop at Jan Bøhler er ein ulv i saueham.

Ap nestleiar Hadia Tajik seier til Dagbladet at det er finansminister Jan Tore Sanner som er ein ulv i saueham. Samtidig er det fleire som antyder at også Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er ein ulv i saueham, hevdar Hamar Arbeiderblad.

Uttrykket «ulv i saueham» er ein del av Bergprekenen i Bibelen, der Jesus åtvarar mot falske profetar, som kjem i saueham, medan dei på innsida er glupske ulvar.

---

Uttrykk:

  • Ansikt til ansikt
  • Alfa og omega
  • Kjenna si besøkingstid


Enkeltord:

  • Ramaskrik
  • Syndebukk
  • Almisser


Kilde: Nordisk Bibelmuseum og Infomedia

---

Svelgja kamelar

Kva slags politikarar har måtta svelgja flest kamelar i årets valkamp? Dagsavisens kommentator Arne Strand meiner i alle fall at Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan bli nøydd til å svelgja ein kamel ved å ta MDG inn i regjeringa. Redaktøren i Oppland Arbeiderblad hevdar i analysen sin av det potensielle nye regjeringssamarbeidet at alle må svelgja kamelar framover.

Uttrykket «å svelgja kamelar» kjem frå ei forteljing i Bibelen der Jesus beklagar seg over dei som siler bort myggen, men sluker kamelen. I dag blir uttrykket brukt mest om at ein godtar noko ein er imot, for å oppnå noko anna.

Ap-leder Jonas Gahr Støre ligger godt an til å overta som statsminister etter valget. Her er han på valgkampbesøk i Bodø. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Alfa og omega

«Innvandringspolitikk er alfa og omega for Frp». Det uttaler ein valforskar til Bergens Tidende, som viser til at det alltid har vore gode val for Frp når dette har vore høgt på agendaen. Høgre trekker fram at privatskular kan vera alfa og omega for enkelte elevar. Venstre meiner at dyktige lærarar er alfa og omega for elevanes mestring. Senterpartiet hevdar på si side at det er alfa og omega for partiet å ha landbruksministeren i ei ny regjering.

Alfa og omega er første og siste bokstav i det klassiske greske alfabetet. Omgrepet kjem frå den bibelske frasen “Eg er alfa og omega”. Avbilding av dei to bokstavane blir brukte hyppig i ei rekke formar for kyrkjekunst.

Ramaskrik

Det er media i Nord-Noreg som bruker ordet “ramaskrik” oftast i dekninga av valkampen.

Det blir mellom anna hevda at det blir ramaskrik frå meir sentrale strøk når Sp-leiar Vedum foreslår lågare flyprisar for distrikta og meir i landbrukstønad. Vårt Land slår fast at det naturlegvis vart ramaskrik då FpU gjekk ut med ein kampanje mot nynorsk i skulen. På si side meiner Frp sjølv at det ofte blir ramaskrik når dei kjem med kontroversielle forslag.

I NATUREN: Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum åpnet valgkampen fra sin gård i Stange kommune i august. Selvsagt med partisymboler og slagord. Foto: Javad Parsa / NTB

Ramaskrik er eit uttrykk for bitter klage. Ifølgje Bibelen høyrdest det i Rama skrik, klagesong og bitter gret når kvinnene græt over barna sine og vil ikkje la seg trøysta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion