Religion

Pastor kritiserer Mads Hansen-program: – Usmakeleg

HUMOR: I eitt innslag i humorprogrammet Spårtsklubben blir Ida Fladen tvungen til å gje ut songen «Puppastemning» av tre mannlege medprogramleiarar. – Skulebokdøme på gruppepress, meiner pastor Erik Andreassen. Ida Fladen, Mads Hansen og VGTV redaktør Rolf Sønstelie aviser kritikken.

– Dette er eit skulebokdøme på gruppepress og det å ikkje ta eit nei for eit nei, seier Erik Andreassen, pastor hjå Oslo misjonskirke Betlehem.

Han reagerer sterkt på eit innslag i humorprogrammet Spårtsklubben på VGTV.

I programmet er det fire programleiarane som stadig set kvarandre i pinlege situasjonar og brukar verkemiddel som skjult kamera.

I ein ny episode med tittelen Rundlurt i måneder - Tvinges til å gi ut sang, blir den einaste kvinna i Spårtsklubben, Ida Fladen, gjennom fleire månadar narra til å seie ei rekke strofer, som til slutt blir redigert saman til songen Puppastemning.

Etter mykje overtaling går Fladen til slutt med på å spela inn songen i studio.

På Facebook skriv Erik Andreassen: «Hvordan få en kvinne til å bli med på noe hun virkelig ikke vil? Jo, man rundlurer henne. Og når hun blir klar over det, og virkelig stritter imot - så mye at man kan se det i hele kroppsspråket hennes, så bare kjører man på. Tre menn. Gir henne inntrykk av at hun ikke har noe valg. Og når hun til slutt blir med på det som hun virkelig ikke vil, så sjenkes hun med alkohol for å komme gjennom det.»

Ida Fladen avviser at ho er tvungen til å gje ut låten mot sin vilje.

– Som det kjem tydeleg fram i klippet, så hadde eg i utgangspunktet ikkje lyst til å spele inn den låten, men me fann ei løysning som eg var komfortabel med. Pranking og tøff humor er ein stor del av Spårtsklubben, så dette toler eg fint, seier ho til VG.

Madsen: – Kjønn heilt irrelevant

Ein av programleiarane i Spårtsklubben er tidlegare fotballspelar og influensar, Mads Hansen. Han seier han har fått lite tilbakemeldingar på innslaget, og meiner Andreassen og andre kritikarar undervurderer Fladen.

Oslo 20190611. 
Ida Fladen på den røde løperen til Elle-festen på Høymagasinet på Akershus festning i Oslo tirsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Paradokset er at han skal snakke ei kvinnes sak, og med det nedgraderer Ida til ei som ikkje kan snakke for seg sjølv. Ho er i 35 år gammal kvinne med bein i nasen. Og ingen blei skjenka.

– Dei einaste som er opptatte av kjønn her er kritikarane. Me er fire kompisar, og kjønn er heilt irrelevant. Ida har gjort akkurat det same mot meg og Folle (medprogramleiar red.anm.), seier Hansen, som påpeikar at heile konseptet til Spårtsklubben er å lure kvarandre.

Han seier dei er klare over kvar grensene til kvarandre går, og at det før har skjedd at ting ikkje har blitt publisert fordi Fladen har sett ned foten.

– Viss Ida ikkje ville ha gjeve ut songen, eller at videoen skulle bli vist, så hadde den ikkje det, seier Hansen.

Kan verke triggande

Pastor Andreassen seier han har sansen for mykje av det Mads Hansen gjer, mellom anna å vera ei kritiske stemme i influensarverda, men at han bommar her.

– Det er usmakeleg, og eg sat at med ei dårleg kjensle etter å ha sett innslaget. Dette kan verke triggande på dei som har opplevd å bli pressa til ting dei ikkje vil vera med på, trur pastoren, som meiner mange timar med samtaler og undervisning om grensesetting og samtykke blir øydelagt av videoen, seier han til Vårt Land.

Andreassen seier han forstår at nokon vil stemple han som humorlaus, og påpeikar at også han meiner at humoren bør ha vide grenser, men at det ikkje frifinn den frå kritisk blikk.

Framstilt som offer

– Men Ida Fladen er ei vaksen kvinne, som den einaste i ein gjeng med fire menn, der dei har ein røff tone med kvarandre. Skal ho bli tatt i med silkehanskar fordi ho er kvinne?

– Det er ein krevjande balanse. Men når dei i Spårtsklubben seier at dei ikkje tenker på kjønn, og at dei berre er ein vennegjeng, minner det meg om privilegerte, kvite amerikanarar som seier dei ikkje legg merke til hudfargen til folk. Det vitnar om at ein ikkje er bevisst nok på problemet, meiner pastoren.

Han seier han ikkje trur at Ida Fladen er eit offer her, men at problemet er at ho blir framstilt som det av VGTV.

«Er det INGEN redaktører hjemme i VG? Ja, jeg forstår at hun på et eller annet vis har samtykket i publisering, her, men hele prosjektet handler om å fremstille det som om hun ikke gjør det.», skriv Andreassen i facebookinnlegget. Både her og på Twitter går det diskusjonar rundt innslaget, som både blir kritisert og forsvart.

Billige moralpoeng

Mads Hansen meiner Andreassen er ute etter å score billige moralpoeng, og meiner dei som ser på Spårtsklubben til vanleg kjenner tonen og ikkje vil reagere særleg på innslaget.

– Ser du at de kan vera med på å legitimere å ikkje ta nei for eit nei?

– Det er vanskeleg når ting blir tatt ut av kontekst, men me veit kva me kan kødde med og ikkje, og det veit dei som følgjer oss i Spårtsklubben også, seier Madsen.

– Me hadde aldri gjort dette uten Idas godkjenning

Også redaktør i VGTV Rolf Sønstelie meiner kritikken som kjem blir tatt ut av kontekst.

– Det er rett at Ida i utgangspunktet ikkje hadde lyst til å spela inn låten. Så diskuterte ein det, og fann ei form som ho var komfortabel med. Det handla særleg om at ho ikkje ville fronte låten som artist, men at det er heile Spårtsklubben. Som også er heilt rett. Me hadde aldri gjort dette utan Idas godkjenning, skriv han i ein e-post til Vårt Land.

– Dette er humor i sjargongen til Spårtsklubben. Dei er gode vener som utfordrar kvarandre og pusher grenser på ting som er ufarlege, med ein varme i botn. Viss noko kjennest ubehageleg, går me ikkje vidare. Ingenting blir publisert frå Spårtsklubben utan at alle er komfortable med det. Dei eig dette humorprogrammet saman, understrekar Sønstelie.

Han viser til at dette er iscenesett humor, som Ida har siste ordet på.

– Det som skjer i studioet er rigga, og avklart med Ida på førehand. Det er ikkje slik at ho pressast av dei andre mens kameraet går, sjølv om det ser slik ut for sjåarane. Her spelar dei, skriv Sønstelie.

– Eg meiner det blir feil å politisere dette humor-innslaget. Det er berre tull og tøys, som alt anna i Spårtsklubben. Å meine at dette legitimerer at menn kan behandle kvinner dårleg, er å gje humoren på Spårtsklubben ei meining den ikkje har. Eg trur at dei fleste som fylgjer Spårtsklubben skjønar kva dette er, skriv han, som viser til at om dette er god humor er subjektivt.

– Dei som avgjer det er sjåarane av Spårtsklubben, som kjenner dette konseptet veldig godt, meiner Sønsteli.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion