Religion

Vil at ungdom skal bli med biskopar på jobb

REKRUTTERING: Ungdomsutvalet i Den norske kyrkja oppmodar alle kyrkjelege tilsette, og biskopar spesielt, til å ha med seg ungdom på OD-dagen. – Me må synleggjera kyrkja som arbeidsplass.

– Kor stas er det ikkje for ein ungdom å jobbe saman med ein biskop på OD-dagen, spør nestleiar i Den norske kyrkjas ungdomsutval, Thomas Granheim Iversen.

---

Operasjon Dagsverk

  • Operasjon Dagsverk (OD) er ein årleg solidaritetsaksjon organisert av, med og for ungdom.
  • Visjon: Ei rettferdig verd forma av ungdom.
  • På den årlege OD-dagen finn elevar ved ungdomsskular og vidaregåande skular ein arbeidsgjevar som vil betale dei for ein dags arbeid.
  • Pengane går til ulike prosjekt kvart år, men dei handlar alltid om ungdom og utvikling.
  • Tanken er at norsk ungdom gjev ein dag av sin skulegang for at ungdom i andre delar av verda skal få tilgang til utdanning.
  • Årets OD-dag er 4. november.

Kjelder: Store Norske Leksikon, od.no.

---

I eit brev oppmodar utvalet biskopar og andre kyrkjelege tilsette til å tilby å ha med seg skuleelevar på OD-dagen.

Årets Operasjon Dagsverk-aksjon er til inntekt for eit prosjekt som vil skape trygge møteplassar og hjelpe ungdom som slit på skulen i Sør-Afrika, regi av KFUK-KFUM Global.

OD-dag bidrog til presteutdanning

I tillegg til å støtte opp om utjamning av global fattigdom ser utvalet på OD-dagen som eit godt høve til å vise fram kyrkja som arbeidsplass for unge vaksne, og kallar det eit «viktig og annleis rekrutteringstiltak».

– Nokon trur ein prest berre jobbar på sundager. Me må vise at kyrkja gjer, og er meir enn sundagsgudstenestene, seier Iversen.

Han er teologistudent på femte året på MF vitenskapelig høyskole, og er smerteleg klar over at rekruttering er eit viktig tema for Den norske kyrkja (DNK) framover.

Iversen har gode minne frå då han sjølv hadde OD-dag på kyrkjekontoret. Han fekk mellom anna halde andakt på eit eldretreff. For sin eigen del trur han opplevinga var med på å føre han i retning av eit yrkesliv i kyrkja.

– Tek gjerne imot

Biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen, er positiv til oppmodinga, og seier dei gjerne vil ta imot elevar på OD-dagen.

– Når ungdommen tek til orde for ei god sak, så me stille opp på dugnaden, seier biskopen.

Nokon trur ein prest berre jobbar på sundag. Me må vise at kyrkja gjer, og er meir enn sundagsgudstenestene.

—  Thomas Granheim Iversen, nestleiar i Den norske kyrkjas ungdomsutval.

Han kan ikkje hugse å ha hatt nokon på bispedømekontoret på OD-dagen så lenge han har vore biskop.

– Trur du det kan fungere som rekruttering til kyrkja?

– Må i alle fall vera opne for det. Me må vera villige til å prøve ut ulike ting, og viss det å ta imot ungdom på OD-dagen verkar rekrutterande, så er det ein positiv bieffekt, meiner Reinertsen.

– Men du er villig til å la nokon «fotfylgje» deg ein dag?

– Dei skal vel ikkje berre fylgje etter meg, men faktisk gjera ein jobb, så det gjeld å finne meiningsfulle arbeidsoppgåver.

Treng ikkje berre prestar

Det er Iversen einig i. Han trur det er viktig at kyrkjelege tilsette finn spanande oppgåver for dei som eventuelt kjem dit på OD-dagen. Han håpar også ulike yrkesgrupper blir representert.

– Me må synleggjera kyrkja som arbeidsplass, og vise at det er mange ulike oppgåver som skal løysast. Me treng ikkje berre prestar i kyrkja.

Han håpar tilsette i kyrkja vil ta kontakt med lokale skular og seie at dei er opne for å ta imot ungdom.

Kontroversiell aksjon

I 2018 var Operasjon Dagsverk-aksjonen mykje omtalt. Også det året var prosjektet i regi av KFUK-KFUM Global, og pengane skulle gå til å hjelpe palestinsk ungdom til ei betre framtid gjennom mellom anna rehabilitering av traumatiserte, førebygging av ekstremisme og undervisning i fredsbygging.

Med Israel for fred (MIFF) reagert og meinte at tildelinga ville bidra til å «utsvelte og utarme seks millionar jødar», fordi KFUK-KFUM Global går inn for ein brei, økonomisk boikott av Israel.

Iversen seier Ungdomsutvalet var innom temaet på møtet der dei diskuterte årets aksjon, i og med at det er same organisasjon som tek imot OD-midlane som i 2018. Likevel landa dei på å oppmode til å støtte aksjonen.

– Alle er sikkert ikkje einige, men pengane går til ei god sak, og også i 2018 gjekk fleirtalet på ungdommens kyrkjemøte inn for å støtte Operasjon Dagsverk, seier teologistudenten.





Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion