Religion

Einige om løn i Den norske kyrkja

EINIGHEIT: Arbeidstakarsida kom med tydelege krav før årets lønsoppgjer i Den norske kyrkja. Likevel blei det aldri nokon skarp tone i forhandlingsrommet. Rett før midnatt var ei løysing på plass.

---

Partane i oppgjeret

  • KA - arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjelege verksemder representerer arbeidsgjevarane


Til saman 22 fagforeiningar representerer dei tilsette i Den norske kyrkja. Dei største av desse er:

  • Paraplyen Unio KA samlar Presteforeininga, Diakonforbundet, Utdanningsforbundet, Akademikerforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Forskerforbundet.
  • Fagforbundet
  • Delta
  • Creo

---

— Vi er nøgde med resultatet og glade for å vere i mål. Lønsoppgjer er alltid krevjande, men tonen har vore god, og alle har vore opptatt av å finne løysingar, seier forhandlingsleiar i arbeidsgjevarorganisasjonen KA Anne Cecilie Andresen i ei pressemelding.

Oppgjeret i år er eit mellomoppgjer, og har ei ramme på 2,8 prosent. Dette er om lag på nivå med frontfaget og kommunal sektor. Dei sentrale lønstillegga får verknad frå 1. mai i år.

Kai Nygård (Fagforbundet), Irmelin Stødle (Delta), Anders Hovind (Creo) og Kristian Mollestad (Presteforeningen) og Anne Cecilie Andresen (KA)

Hovudkravet ikkje oppfylt

Då Vårt Land snakka med forhandlingsleiar for arbeidstakarorganisasjonen Unio KA Kristian Mollestad i førre veke, kom han med klare forventingar om eit lønsløft for dei med høgare utdanning i kyrkjesektoren.

— Kyrkja tilbyr dårlegare løn til dei med høgare utdanning. På sikt bekymrar dette oss, fordi vi er redde for rekrutteringa. Kyrkja har ikkje råd til å miste tilsette på grunn av for dårlege lønnsvilkår, sa han då.

Lønsoppgjeret i år kom ikkje dette kravet i møte. Likevel er Mollestad nøgd med å ha kome til eit resultat.

— Vi er nøgd med at vi kom til einigheit, sjølv om vårt krav om å redusere differansen i lønsnivået mellom kyrkjeleg fellesråd og kommunal sektor ikkje blei innfridd, seier han.

Han viser til at ein klarte å unngå at differansen auka ytterlegare, ved at dei generelle tillegga er på nivå med det ein kom fram til i kommunal sektor.

Kompromiss om lokale oppgjer

Arbeidsgjevarorganisasjonen KA ønskte i utgangspunktet at det skulle settast av ein pott til lokale forhandlingar for alle tilsette i sektoren i årets oppgjer. Fagforeiningane ønskte i utgangspunktet ikkje dette, fordi dei heller vil prioritere å styrke garantilønnsnivået for fellesrådstilsette med høgare utdanning.

Som ei mellomløysing kom ein fram til at det skal settast av ein slik lønspott for dei som er tilsett gjennom Kyrkjerådet og Bispedømerådet (rettssubjektet Den norske kyrkja), men ikkje for dei som er lokalt tilsett i fellesråd eller sokneråd. I staden vart det protokollført at denne siste gruppa av tilsette skal ha lokale lønsforhandlingar som del av lønsoppgjeret neste år.

Må godkjennast

De var sett av berre ein dag til årets lønsoppgjer i kyrkja, og ein kom til semje rett før midnatt i går, måndag.

Resultatet skal først godkjennast av KA sitt styre og i fagforeiningane. Fristen for dette er 30. september.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion