Religion

Fryktar dei ikkje får delt ut skulebiblar

MOTBØR: Kvart år får 10-15.000 norske skuleelevar biblar frå Gideon som ei personleg gåve. No møter organisasjonen motbør frå Utdanningsdirektoratet, som tilrår at kommunane stansar praksisen.

— Vårt hovudprinsipp er at me deler ut Bibelen frå ein til ein. Den er vår heilage skrift, og me føler at utdelinga må skje personleg. Ein rektor bad oss om å setja ein kartong med biblar utanfor skulen, det føler me ikkje blir heilt riktig.

Det seier generalsekretær i Gideon i Noreg, Steinar Hopland. Han fortel at organisasjonen deler ut 10-15.000 biblar til skuleelevar i året.

Oftast skjer denne utdelinga personleg, men det kan det koma til å bli ein slutt på.

I mai sende Human-Etisk Forbund (HEF) eit brev til Utdanningsdirektoratet, og bad om ei vurdering av om det er akseptabelt at biblar blir delt ut på skulen.

Dei viser spesielt til at organisasjonen Gideon kjem inn i klasseromma og deler ut biblar personleg til elevane.

Dette framstøtet frå humanistane og det at dei får medhald, viser det presset kristendommen står under i 2021.

—  Steinar Hopland, generalsekretær i Gideon

19. august kom Utdanningsdirektoratet med eit klart svar:

«Utdanningsdirektoratet anbefaler ikke at kommunen åpner for at religiøse organisasjoner/trossamfunn deler ut religiøse skrifter eller gjenstander i form av gaver til elevene.»

Viser til forbodet mot forkynning i skulen

I brevet skriv direktoratet at skulen ikkje skal vera ein arena for forkynning og misjonering. Direktoratet opnar for at skulen kan ta imot religiøse bøker som klassesett, og bruke desse i undervisninga.

Men, grensa blir sett ved personleg overrekking av Bibelen. Slike gåver meiner direktoratet vil oppfattast som forsøk på overtyding eller oppmoding til å tru eller følgja ein religion.

Direktoratet skriv at som gåve får Bibelen ein annan funksjon, utover å vera eit middel for å nå kompetansemåla.

Ei gåveoverrekking vil ifølgje direktoratet «kunne oppleves som tilslutning til et livssyn eller forkynning. For enkelte vil også en slik aktivitet kunne oppleves som støtende eller krenkende.»

Gideon: — Me vil ikkje la oss stansa, tvert i mot

Generalsekretær Hopland kjente ikkje til brevet før Vårt Land kontakta han. Han har no sett over brevet, og skal i tida framover lesa det meir grundig for å setja seg inn i kva det betyr for verksemda til Gideon.

— Me må innretta oss etter norsk lov. Det viktigaste er at Guds sanne ord kjem ut. Me vil ikkje la oss stansa, tvert i mot, seier Steinar Hopland.

k

Han meiner organisasjonen ikkje driv forkynning i skulen.

— Me kjem inn i klassen, fortel kven me er og seier at dei som har lyst, kan få ein bibel av oss. Me prøver spesielt å koma til når elevane går i åttande klasse. Då begynner dei å nærma seg konfirmasjonen og er blitt såpass modne at dei har ein føresetenad for å lesa Guds ord.

Hopland skulle gjerne ønska at Gideon kunne halda fram med personleg utdeling.

— Å dele biblane ut kassevis, kjennast ikkje rett. Det passar ikkje med Bibelens oppmoding om evangelisering.

Meiner kristendommen står under press

Organisasjonen Gideon var tidlegare kjend under namnet Norsk Gideon. Ifølgje nettsida er medlemmene kristne forretningsmenn, leiarar eller fagkvalifiserte menn.

Auxliliary Gideon kvinner er organisasjonen som gideonittenes ektefellar er med i, heiter det på nettsida deira.

Organisasjonen har rundt 900 medlemmer og 1700 støttemedlemmer. Alle inntekter til organisasjonen kjem i form av gåver.

Kjerneverksemda til Gideon er å dela ut Bibelen til skular, overnattingsstadar og institusjonar. Sidan 1950 har organisasjonen delt ut biblar i norsk skule. Hopland vil ikkje gå ut med kor mykje pengar dei bruker på å dela ut biblar.

Han er uroa over signala som denne saka skaper.

— Dette framstøtet frå humanistane og det at dei får medhald, viser det presset kristendommen står under i 2021. Kristendommen er det livssynet det norske samfunn er bygd på, seier Steinar Hopland.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion