Religion

Folkerøysting om dødshjelp i Italia

UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Jacopo Bizzotto er ein av 750.000 italienarar som har skrive under på ei kampanje for å avkriminalisere aktiv dødshjelp. – Alle skal kunne bestemme over eige liv, meiner han. Den katolske kyrkja er kritisk.

Det går mot folkeavstemming om avkriminalisering av aktiv dødshjelp i Italia. For nokre dagar sidan nådde ein 750.000 underskrifter på ein kampanje for å oppheve ein klausul i ei lov frå 1930, som straffar «drap på ein samtykkande person» med opp til 15 års fengsel. Det skriv britiske The Times.

Dette vil ifylgje komiteen bak underskriftskampanjen fjerne hindringane for å legalisere aktiv dødshjelp.

500.000 er grensa for å utløyse ei offentleg folkerøysting i Italia. Men komiteen som står bak underskriftskampanjen hadde eit mål om å nå 750.000 underskrifter innan 30. september, for å vera heilt sikre på at eventuelle feil, vanskar eller forseinkingar i innsamlinga eller i den offentlege administrasjonen ikkje fører dei under grensa.

Det målet er no nådd, og aktivistane håpar det kan bli ei folkerøysting alt tidleg neste år.

Komiteen ser til modellen i Nederland, Belgia, Luxembourg og Spania, der dødshjelp med aktiv handling av legen er lovleg når den er etterspurt av pasienten.

Trur ikkje på endring

På meir enn femti konsulat og ambassadar kan italienske statsborgarar signere underskriftskampanjen. Mellom anna på den italienske ambassaden i Oslo.

Jacopo Bizzotto er ein av dei som har skrive under på kampanjen. Han har budd i Noreg sidan 2014, men nytta seg av sjansen til å signere digitalt. Det innebar å måtte sende ein video av seg sjølv saman med ulike offisielle dokument, og å betale ei avgift på tre euro.

Bizzotto har snakka med både venner og familie om kampanjen, men dei fleste hadde alt signert. Men det betyr ikkje at han trur at dette gjeld majoriteten i Italia.

Han påpeikar at 750.000 berre er litt over ein prosent av dei 60 millionar innbyggjarane i landet.

– Som dei fleste har eg vel ei boble rundt meg med personar som delar mange av dei same meiningane som meg. Eg har ikkje stor tru på at endringa går gjennom i ei folkerøysting, men eg er uansett glad for at temaet blir sett på dagsordenen.

Og sjølv om Bizzotto forstår begge sider av saka er det for han prinsippet om at alle skal kunne bestemme over eige liv som er det viktigaste.

Katolsk motstand

Den katolske kyrkja har frå sentralt hald fleire gonger gått ut mot aktiv dødshjelp. I fjor haust stod det i eit brev godkjent av paven at «eutanasi er ei forbryting mot menneskeleg liv. Ulækjeleg betyr ikkje slutten på omsorga».

I eit intervju med Vatican News kommenterer erkebiskop Vincenzo Paglia den pågåande debatten i Italia om dødshjelp. Han er president i Det pavelege akademi for livet, eit akademi knytt til Pavestolen som fremmar og forsvarar det menneskelege liv, gjennom mellom anna å jobbe med problemstillingar innan biomedisin og lovgjeving.

Paglia seier tanken om at dei som ikkje er friske «må døy» er ein «farleg insinuasjon som forgiftar samfunnet», og refererer til både aktiv dødshjelp og abort av foster som ikkje er friske.

Han held fram at kyrkja må minne alle om at det er naturleg at menneske er svake og skrøpelege, og at det er ein del av skaparverket.

Oddvar Moi, leiar for Katekistisk senter i Oslo katolske bispedøme, synest det er langt ifrå overraskande at kyrkja engasjerer seg tydeleg i saka.

– Det er det femte bod: Du skal ikkje slå i hel. Det er ein tydeleg og allmenkristeleg grunngjeving for motstand mot aktiv dødshjelp i kyrkja, seier Oddvar Moi.

Sjølv om ny teknologi gjer at vi må ta stilling til stadig nye etiske spørsmål som handlar om liv og død, held han fram at motstand mot aktiv dødshjelp går tilbake til kyrkja sitt opphav.

– Det har vore slik i to tusen år. Så om det er nokre kristne om begynner å vakle om dette, er det dei som finn på noko nytt. Men det er nærast utenkeleg at paven eller biskopar skulle fremme andre syn på denne saka, seier Moi.

Ikkje imponert

Bizotto er ikkje religiøs sjølv, Men han har fått med seg argumentasjonen til den katolske kyrkja. Han er ikkje imponert.

– Er det de beste dei klarar å koma opp med?

– Men er du ikkje redd menneske med mykje smerter eller i ein fortvila situasjon kan ta forhasta val? Eller at dårlege prognosar i visse tilfelle viser seg å ikkje stemme?

– Så klart, men det finst tiltak for å minske risikoen for slike tilfelle. Som å måtte skrive under på ei kontrakt medan ein er frisk der det står om ein vil ta imot dødshjelp.







Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion