Religion

Talet på koronasmitta knytt til Visjon Norge veks: – Fleire uvaksinerte

UTBROT: Talet på smitta etter Visjon Norge-arrangement, held fram med å auke. – Ei gruppe med lågare vaksineringsgrad, seier smittevernoverlege.

– Mange av dei sjuke er uvaksinerte, kan smittevernoverlege i Drammen, Einar Sagberg, fortelje Vårt Land.

Han seier utbrotet knytt til den kristne fjernsynskanalen Visjon Norge, er ei viktig påminning om kor viktig vaksinering er for å hindre smittespreiing i samfunnet.

– Dette kan sjå ut til å vera ei gruppe med ein lågare vaksineringsgrad enn elles i samfunnet. Det gjev ei opning for at det kan bli meir smitte, seier Sagberg.

– Det tek tid

Smittevernoverlegen trur ein vil sjå fleire tilfelle knytt til utbrotet dei neste dagane.

– Me byrjar å få ganske god oversikt over nærkontaktar og har bedt mange av dei om å teste seg, men det tek tid før alle får gjort det, og at dei får tilbake resultata, seier smittevernoverlegen.

Jan Hanvold

Talet på smitta aukar stadig

Det var på onsdag morgon at Øvre Eiker kommune i ei pressemelding skreiv at åtte personar var smitta av korona siste døgn. Seinare blei det klart at alle desse tilfella var knytt til arrangement i regi av Visjon Norge.

Seinare har talet auka, med smittetilfelle i minst seks ulike kommunar.

Sagberg seier dei har hatt god kontakt med produksjonsleiinga hjå fjernsynskanalen, og at dei har fått oversikter frå dei over kven som har vore på arrangementa.

Drammens Tidende meldte torsdag ettermiddag at til saman 32 personar var stadfesta smitta og knytt til Visjon Norge-arrangementa.

Fredag ettermiddag opplyser Sagberg til Vårt Land at talet har økt til 36 stykk, 18 av desse i Drammen.

– Me har fylgt alle reglar

Vårt Land har ikkje fått Hanvold i tale, men på onsdag sa han til Drammens Tidende at «Den fyrste som blei smitta var hjå oss utan å vite at han var smitta. Dette er ein alvorleg situasjon. Me har sagt til alle tilsette at dei bør vaksinere seg, og har fylgt alle reglar».

På sine eigne nettsider la Visjon Norge ut ei sak om smitten på onsdag.

– Det blir drive eit omfattande arbeid i forhold til sporing, testing og når det gjeld karantene og isolasjon av personar, opplyser TV-leiar i Visjon Norge, Gawdat Mtrious, på nettsida.

Det står også at mange av dei tilsette i Visjon Norge vil jobbe frå heimane sine i tida framover, og at resultatet av testar og karantenereglar vil avgjera aktiviteten framover.

Det har ikkje kome nye oppdateringa på nettsida deira etter at dei nye tilfella blei stadfesta, og det vart klart at utbrotet har auka i omfang.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion