Religion

Minst 24 personar koronasmitta i Visjon Norge

KORONA: Personar i seks ulike kommunar er smitta av korona etter arrangement i Visjon Norge. Smittevernoverlege seier det er sannsynleg utbrotet vil auke i omfang.

Smittevernoverlege i Drammen kommune, Einar Sagberg seier til Drammens Tidende at 24 personar i totalt seks forskjellige kommunar på Austlandet, er stadfesta smitta på eitt av TV-arrangementa. Arrangementa har gått føre seg frå onsdag til sundag.

Så langt er det stadfesta at Øvre Eiker kommune, Drammen kommune og Kongsberg kommune, er råka, ifølgje avisa.

Sagberg seier det er truleg at utbrotet vil auke i omfang.

Har stilt opp med namnelister

Smittevernoverlegen seier dei byrja å undersøke med Visjon Norge sundag kveld, og heldt fram måndag.

– TV-produsenten der har vore veldig hjelpsam, og stilt opp med lister over kven som har vore til stades på arrangementa, seier Sagberg til Drammens Tidende.

– Det verkar heilt klart som dei tek saka på alvor. Etter kva vi har fått opplyst har det vore rundt 20 publikummarar til stades i salen under kvar sending. I tillegg kjem staben og programleiaren frå Visjon Norge, held smittevernoverlegen fram.

Jan Hanvold, leiar for den kristne fjernsynskanalen, stadfesta tidlegare onsdag at dei hadde åtte smittetilfelle etter eit arrangement hjå Visjon Norge i Drammen, og at det fyrste smittetilfellet blei stadfesta på sundag.

Har oppfordra til vaksinering

– Den fyrste som blei smitta var hjå oss utan å vite at han var smitta. Dette er ein alvorleg situasjon. Me har sagt til alle tilsette at dei bør vaksinere seg, og har følgt alle regler, seier TV-pastoren.

Han var i hardt vêr tidlegare under pandemien for å ha sagt «Vi får ta hverandre i handa, vi da, vi som ikke tror på koronavirus», til éin av gjestene sine i eit fjernsynsprogram.

I etterkant av medieoppslaga skreiv han på Facebook at «Vi står på å ber som aldri før, for land og folk. Og selvfølgelig imot dette corona viruset og alle som lider som følge av dette. Vi følger jo myndighetens pålegg, om karantene og hjemmekontor».

– Håpa å unngå dette

På sine eigne nettsider skriv Visjon Norge at organisasjonen har tatt grep om smittesporing og testing, i samarbeid med Drammen kommune.

– Det blir drive eit omfattande arbeid i forhold til sporing, testing og når det gjeld karantene og isolasjon av personar, opplyser TV-leiar i Visjon Norge, Gawdat Mtrious, på nettsida.

Det blir også opplyst om at mange av dei tilsette i Visjon Norge vil jobbe frå heimane sine i tida framover, og at resultatet av testar og karantenereglar vil avgjera aktiviteten framover.

– Det er mange som har vore gjennom smitteutbrot. Vi hadde håpa å unngå dette, men er blitt råka. Be for oss, oppmodar Mtrious.

Vårt Land har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Jan Hanvold.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion