Religion

Nabokonflikt gjorde at kyrkja måtte leige inn vakter: – Ikkje vår plikt å halde byen med hundegard

OSLO: Det inngjerda området til Sofienberg kirke er eit ynda område for hundelufting. Men ei konflikt som inneheld rottegift, glasskår og strips, har gjort at kyrkja har måtta leige inn vakter til å patruljere.

I rundt halvtanna år har det gått føre seg ein nabostrid i parken bak Sofienberg kirke på Grünerløkka i Oslo.

Hundar skal ha fått i seg rottegift og mørk sjokolade, porten til det inngjerda området er fleire gonger blitt stripsa eller låst fast, og det skal ha blitt funne glasbrot spreidd utover området.

Hundeeigarar som brukar området, meiner det er ein nabo som ikkje likar at hundar blir lufta der, som står bak.

Tidlegare i år såg kyrkjelyden seg nøydde til å leige inn vakter til å patruljere området, skriv Avisa Oslo.

– Ikkje ynskjeleg å opptre som barnevakt

Kyrkjeverje i Oslo, Robert Wright, seier til Vårt Land at han synest det er høgst ugreitt å måtte bruke kyrkja sine pengar på vakthald rundt kyrkja.

– Me har ikkje plikt til å halde bydelen med hundegard. Men det er klart me har eit ansvar for vårt eige område, og det må me ta, sjølv om me eigentleg ikkje har råd til det.

Det kontantløse samfunnet påvirker også kirkene. Nå starter Uranienborg kirke med betalingstjeneste på mobil. Slik skal søndagskollekten både bli tryggere og mer håndterlig. Kirkevergen i Oslo, Robert Wright.

Han seier det er «heilt uakseptabelt» at menneske har lagt ut rottegift og sabotert på ulike måtar.

– Det er ikkje ynskjeleg for oss å opptre som barnevakt, vaksne folk bør kunne ta ansvar sjølv, seier Wright.

Ynskjer hundepark

Kyrkjeverja seier dei har vore i kontakt med bydelen om problema, men at han no ser eit behov for å formalisere denne kontakten.

Bydelen Grünerløkka skal ha mangel på lufteområde for hundar, og det har tidlegare blitt fremja forslag om å gjera området bak Sofienberg kirke om til ein offisiell hundepark. Men det blei nei frå bystyret, fordi det ligg for nære fleire barnehagar i området, skriv avisa Vårt Oslo.

Likevel er området populært for hundeeigarar sidan det er inngjerda. Mange brukar området til å sleppe laus hundane sine.

Wright seier hundeeigarane som nyttar området deira oppfører seg ordentleg, også etter at situasjonen har tilspissa seg. Han har ikkje noko imot at folk luftar hundane sine på kyrkja sin eigedom, så lenge dei ikkje er til sjenanse.

– Men me kan ikkje seie at dette er ein hundeluftegard der folk kan sleppe laus hundane sine.

Sofienberg kirke, Oslo

Blir ropt etter

Fleire hundeeigarar har også fortalt Avisa Oslo at dei har blitt ropt etter når dei luftar hundane sine, og at personar har følgt med på dei frå utsida av parken.

Avisa skal fleire gonger ha forsøkt å koma i kontakt med naboen som hundeeigarane mistenker at står bak dei ulike handlingane, men ikkje lukkast.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion