Religion

Svensk presteutdanning blir gjort om etter kritikk

TEOLOGI: Nesten halvparten av studentane på presteutdanninga ved Den svenske kyrkjas utdanningsinstitutt er misnøgde med utdanninga. No blir det endring.

I ei evaluering i fjor kom det fram at meir enn ein av tre studentar ved den svenske kyrkjas utdanningsinstitutt (Skui) ikkje var nøgde med utdanninga.

Ekstra ille stod det til hjå prestestudentane, der heile 46 prosent av prestestudentane kritiserte utdanninga. Det skreiv svenske Dagen.

Undersøkinga skal no få konsekvensar for utdanninga.

Misnøye i både Noreg og Sverige

Tidlegare denne veka skreiv Vårt Land om prestevikaren og teologistudenten Anne Guro Grette.

Ho har nyleg fullført sitt andre år på teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, og ho er klar på at studiet ikkje har førebudd ho godt nok til vikarjobben.

– Det er dødsviktig at me lærer historie, men når du inviterer din fyrste familie til sorgsamtale, kva skal du seie?, undrar Grette seg.

Også i Sverige er det no diskusjon rundt utdanningsforløpet for framtidige prestar. Og som i Noreg, slit ein også Sverige med prestemangel.

Anne Guro Grette

Låg undervisningskvalitet

Skui blei innvia i 2014, og målet var å samle studentar som skal ut i kyrkjas teneste for eit felles siste år ved ein av dei to lokasjonane.

Men tidleg blei det klart at både lærarar og studentar opplevde dårleg arbeidsmiljø og undervisningskvalitet ved instituttet.

No skal ein med bakgrunn i undersøkinga greie ut korleis framtidas presteutdanning ved Skui skal vera.

Kyrkjestyrets fyrste nestleiar, Wanja Lundby-Wedin, seier til Kyrkans tidning at dei no vil enten gjera ein revisjon av utdanningsplanen, eller laga ein heilt ny.

– Det kjennest som det er rom for forbetring, seier Lundby-Wedin.

Lågt under taket

Noko av kritikken som har kome fram er mellom anna at teologiske perspektivet er «ganske smalt i forhold til Den svenske kyrkja som heilskap». Det sa tidlegare student ved Skui, Mathias Sånglöf, til svenske Dagen då resultata av undersøkinga blei offentleggjort.

– Eg hadde ganske låge forventingar då eg kom til Skui, og dei fekk eg stort sett stadfesta. Det var låg takhøgd og ein fekk eigentleg ikkje lov til å snakke om det som kan ha vore viktig å snakke om.

Lundby-Wedin seier i ein kommentar at kritikken rundt ulike tradisjonar om å vere from, er noko ein no sannsynlegvis vil sjå nærmare på, som ein del av.

– Eg ser for meg at dei som gjer utgreiinga kjem til å gå nøye gjennom evalueringa som er gjort og ha den som grunnlag for arbeidet, så eg trur det vil bli sett på, seier nestleiaren.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion