Kritiserer liten, kristen skule – men vil behalde dei små offentlege
STORD KRISTNE SKULE: Generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund trur ikkje det er tilfeldig at det er ein kristen skule som i det siste har fått kritikk for lågt elevtal. I 2020 hadde 126 offentlege grunnskular færre enn 20 elevar. – Små grendeskular eit nødvendig vonde, meiner Ap-politikar.
SKEPTISK: Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen, og fyrstekandidat til Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland, meiner små skular kan vera eit nødvendig vonde, når det til dømes er ein lang eller farleg veg til neste skule.
Terje Pedersen/NTB
– Viss ein skulle gjort alvor om tanken om at ein liten skule ikkje kan vera ein god skule måtte ein lagt ned mange norske distriktsskular og flytta familiane til meir sentrale strøk. Det trur eg eigentleg ingen meiner at me skal.
Det seier Jan-Erik Sundby, generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund (KFF).
Den nystarta Stord Kristne Skule med deira relativt beskjedne elevtal, 17 born til saman frå 1.-7.-klasse, har vekt merksemd.
Bestill abonnement her
KJØP