Religion

Debatt om samlivsspørsmål tærer på Metodistkyrkja

SPLID: Ein ny rapport viser at diskusjonen om likekjønna ekteskap «tærer på relasjoner og trygghetsopplevelse» for prestar og diakonar i Metodistkyrkja.

Metodistkyrkja er blant dei største kyrkjesamfunna i verda. Synet på likekjønna ekteskap og ordinering av prestar med homofil praksis held no på å splitta den verdsomspennande United Methodist Church UMC i to.

Den norske Metodistkyrkja er ein del av UMC. I helga held kyrkja digitalt årsmøte. Den komande splittinga tok opp ein stor del av diskusjonen, utan at ein kom nærare inn på argumenta rundt likekjønna ekteskap eller ordinering av prestar.

– Eg er uroleg for ein situasjon der meinigheiter blir rivne i stykke på grunn av dette. Me treng å snakka saman for å forstå kvarandre. Me må be med kvarandre og finna ein veg, sa biskop Christian Alsted.

Det er ikke noe godt som skjer i Norge uten at det har rot i Guds ånd som gjør sitt arbeid i blant oss, sier Christian Alsted. Selv feirer han pinsen på årskonferansen til Finlands svenske metodistkirke. Foto: Adrian Nielsen

---

Metodistkyrkja

  • På verdsbasis er Metodistkyrkja eit av dei største kyrkjesamfunna med over 80 millioner medlemmer. Kyrkja har røtene sine i England og USA og kom til Noreg i 1856.
  • I Noreg har Metodistkyrkja rundt 11.000 medlemmer.
  • Metodistkyrkja i Noreg driv folkehøgskule, sjukepleiarhøgskule, teologisk høgskule, sjukehus, aldersheim og barnehagar.

---

«Opplever at det mer krevende å forholde seg til kolleger med et annet syn»

Sommaren 2019 gjekk fleirtalet i Metodistkyrkja i Noreg inn for å setta ned eit utval som skal sjå på kva som skal til for at kyrkja kan leva med «eit fullt ut inkluderande syn på menneskeleg seksualitet», og med et uttalt mål om å unngå splitting.

I forkant av årsmøtet denne helga, vart det lagt fram ein rapport frå dette utvalet.

Her kjem det fram at kabinettet har gjennomført fleire gruppesamtaler med tilsette i kyrkja med ulike syn. Kabinettet er kyrkjas åndelege og misjonale leiing og består biskop og to tilsynsprestar.

Utvalet skriv at fleire tilsette opplever at dei har ein krevjande arbeidssituasjon.

«Et ikke ubetydelig antall prester og diakoner opplever at det mer krevende å forholde seg til kolleger med et annet syn og at denne prosessen tærer på relasjoner og trygghetsopplevelse. Vi vil derfor oppmuntre til at måten vi snakker om og forholder oss til hverandre på preges av respekt, omtanke og kjærlighet.»

Usikker på konsekvensar ved deling

Metodistkyrkja i Noreg er ein del av det internasjonale kyrkjesamfunnet The United Methodist Church (UMC) som i dag har eit konservativt samlivssyn, trass i stor indre usemje.

Ei gruppe foreslo i fjor ei formell splitting av UMC, i ei liberal og ei konservativ grein.

Forslaget skulle i utgangspunktet stemmast over på generalkonferansen i fjor, men er utsett til hausten 2022.

Under årsmøtet i helga fortalde biskop Christian Alsted at ein ventar seg ei deling. Spørsmålet er kva som skal skje alle kyrkjene som er tilslutta UMC, som den norske.

– Me ønsker å vera i forkant av utviklinga. Me set ned ein komite som skal sjå på dei forslaga som er lagt fram for generalkonferansen og kva implikasjonar dei kan ha for kyrkjene i Europa, sa Alsted.

Biskop åtvara mot ein polarisert og forenkla debatt

Organisasjonen Global Methodist Church er oppretta, og er venta å ta over meir konservative avhopparar frå UMC.

Biskop Christian Alsted åtvara mot at norske kyrkjelydar skulle gå over til denne organisasjonen.

– Eg vil vera heilt tydeleg: Det skal vera plass til alle i UMC. Det er vår oppgåve å vera biskopar for alle og ta vare på alle.

Han åtvara mot ein polarisert og forenkla debatt, der «spørsmålet om menneskeleg seksualitet blir den viktigaste teologiske markøren». Han utfordra også ei oppfatning av at «nye» UMC vil bli ei liberal kyrkje.

– Det vil ikkje bli ei liberal kyrkje. Den vil vera solid grunnlagt på den apostoliske og nikenske trusvedkjenninga. Det blir det ikkje endra på.

Er homovenleg det same som liberal?

Biskopens bruk av ordet «liberal» vekte noko debatt under årsmøtet.

– Eg ser eit standpunkt om å anerkjenna likekjønna ekteskap som å vera liberalt. Då kan eg ikkje skjønna at kyrkja ikkje er liberal, sa Jan-Erik Fjukstad Hansen.

Han la til:

– Når det gjeld dette med to syn: Det ser ut at det styrande idealet blir full aksept for likekjønna ekteskap, der dei andre kan få vera med, men ikkje styra. Kan ein seia at ein då deltek på like fot?

Hilde Marie Movafagh utfordra på si sida det å setja likskapsteikn mellom «liberal» og «homovenleg».

– Det å ha eit inkluderande homofili-syn er ikkje det same som liberal teologi. Liberal teologi er eit svært felt som inneber ulike måtar å tenke nytt på, som å løysa opp på trusvedkjenninga. Det meste av den teologen me kjenner til her Norge, er langt på nær så liberal som i USA.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion