Religion

Rabbinar i forsvaret skal motverka jødehets i Tyskland

TYSKLAND: Då Adolf Hitler tok makta, forsvann rabbinarane frå det tyske forsvaret. Mandag skaper Zsolt Balla historie, når han tiltrer som sjefsrabbinar i Bundeswehr.

– Dette er ein enorm mogelegheit til å formidla eit autentisk bilde av jødedommen og indirekte overvinna antisemittisme og høgreekstreme tendensar i dei væpna styrkane.

Det seier sjefsrabbinar Zsolt Balla til avisa Jüdische Allgemeine.

Måndag blir han offisielt Tysklands første rabbinar i ei militær stilling sidan andre verdskrig. Militærstillinga vart fjerna då Adolf Hitler tok makta, men innført att av tyske myndigheiter i fjor.

Innsetjingsseremonien skal haldast i synagogen i Leipzig, der Zsolt Balla har hatt stillinga som rabbinar sidan 2009.

Under seremonien deltek mellom anna forsvarsminister Annegret Kramp-Karrenbauer, melder Hungary Today.

NRK var det første norske mediet som melde om saka.

100.000 jødar tenestegjorde for Tyskland under første verdskrig

Sjefsrabbinar Zsolt Balla blir ikkje åleine på jobb. I tillegg til han skal opptil 10 jødiske rabbinarar tilsetjast i Bundeswehr - Tysklands forsvar.

Rabbinarane skal hjelpa dei jødiske soldatane med å leva jødisk. Dei skal ordna tilgang til tradisjonell jødisk mat og mogelegheit til å be.

I tillegg bidreg rabbinarane til den etiske undervisninga som alle soldatar skal gjennom – kalla Lebenskundlicher Unterricht eller livskunnskap.

Det finst ingen nøyaktige tal, men ein anslår at det er rundt 300 jødiske soldatar i Bundeswehr. Til samanlikning tenestegjorde rundt 100.000 jødar for det tyske imperiet under første verdskrigen, melder Mitteldeutscher Rundfunk, MDR.

Den beste måten å kjempa mot antisemittisme, er å visa at me jødiske borgarar er der for å beskytte landet, demokratiske verdiar og menneskerettar.

—  Zsolt Balla, rabbinar i det tyske forsvaret

Mora overlevde Holocaust – stolt over sonens nye jobb

Zsolt Balla er fødd i Ungarn, med ein far som tenestegjorde i det ungarske militæret.

Mora overlevde Holocaust i Budapest då ho var baby. Ho og mora budde i eit bygg beskytta av den svenske diplomaten Raoul Wallenberg, før dei seinare måtte skjula seg under falsk identitet.

I eit intervju med The Times of Israel, fortel Balla at mora hans er stolt over at han no blir rabbinar i det tyske militæret.

– Eg likar ikkje at ho er stolt, i grunn. Eg tenker heller at me har ei stor historisk sjanse. Eg håper denne media-oppstandelsen snart er over, så me kan setta i gang med arbeidet, seier Balla til The Times of Israel.

Fleire skandalar i det tyske forsvaret

NRK melder at det tyske forsvaret har vore skaka av fleire antisemittiske skandalar dei siste åra.

Tidlegare denne veka vart det kjend at tyske soldatar stasjonert i Litauen blei henta heim etter at dei hadde hylla Adolf Hitler. Fleire soldatar song til ære for den tidlegare tyske diktatoren på datoen 20. april – Hitlers fødselsdag.

Den tyske sikkerhetstjenesten (BfV) la oktober i fjor la fram ein rapport som avdekka 377 tilfelle av høgreekstremisme innan tysk politi, det tyske forsvaret, tollvesen og etterretninga dei siste tre åra.

– Den beste måten å kjempa mot antisemittisme, er å visa at me jødiske borgarar er der for å beskytte landet, demokratiske verdiar og menneskerettar. Om me aktivt viser det, kan det ha stor innvirkning, seier Zsolt Balla til MDR.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion