Religion

Fotballspelar Tobias Svendsen har slite med angst i fem år etter spiritisme-episode

MENTAL HELSE: – Det sette heilt sinnsjuke spor i meg, seier Lillestrøm-spelar Tobias Svendsen, om ein episode med eksperimentering med spiritisme med kompisar. Dei siste åra har han vore sterkt prega av redsel og angst.

– Me prøva på noko me hadde sett på film. Noko spiritisme. Som eigentleg berre skulle vera noko uskuldig moro, seier 21-åringen i eit felles intervju med Romerikes Blad og VG.

Han er opphavleg frå Molde, og var lenge kjend som eitt av dei største fotballtalenta i Noreg. Likevel forsvann han litt ut av overskriftene, og det store gjennombrotet som senior har late vente på seg.

Etter opphald i fleire ulike klubbar, skreiv han i fjor kontrakt med Lillestrøm ut 2023.

Fem år med angst

Sesongoppkøyringa starta godt for Svendsen i Lillestrøm, men så forsvann han heilt i nokre veker i mai. No pratar han ut om ei lei hending frå påska 2016.

– Det sette heilt sinnssjuke spor i meg. Noko eg ikkje klara å takle, eg skjøna ingenting av kva som skjedde, eg blei livredd, seier Svendsen om spiritisme-episoden.

Han vil ikkje utdjupe nærmare kva dei gjorde, og han greier ikkje å forklare kva det var som skremte han. Men det førte til at ei redsle sette seg, og prega både han og karrieren dei neste åra.

---

Tobias Svendsen

  • Norsk fotballspelar frå Molde, født i 1999.
  • Spelar for tida for Lillestrøm, etter opphald i Haugesund, Sandefjord, Nest-Sotra og Ham-Kam.
  • Har spela på aldersbestemt landslag for Noreg sidan 2014. Han står med 51 aldersbestemte landskampar.
  • Trente med den nederlandske klubben Ajax allereie som 12-åring.
  • Er bror med Sander Svendsen, fotballspelar i Odd.

Kjelder: fotball.no, wikipedia.no

---

Lodz, Polen 20190524.
FIFA U-20 VM i fotball 2019: Uruguay - Norge (3-1). Norges Tobias Svendsen i VM-kampen i fotball mellom Uruguay og Norge på Lodz Stadion.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Rare tankar eg aldri har hatt kontroll på

Svendsen har av mange blitt omtalt som supertalentet i aldersgruppa mellom Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland. Han trur episoden saman med kameratane i påska 2016, er ein del av forklaringa på kvifor han ikkje har tatt det store steget som fotballspelar.

– Eg har spela med handbrekket på. Eg følte eg mista meg sjølv, både på banen og utanfor, seier Svendsen.

Han fortel at angsten har gjort han sliten og stressa, og at det har verka inn på både søvn og restitusjon.

– Det har vore heilt jævlig. Dei tre fyrste åra var verst. Eg tok dag for dag. Klara aldri å tenkje på framtida. Samstundes spela du skodespel for andre og fotball samstundes. Det var ganske brutalt, for å seie det mildt. Rare tankar eg aldri har hatt kontroll på. Generelt om livet. Det eg har slite med, er ting eg ikkje har skjøna seier Lillestrøm-spelaren.

Til slutt bestemte han seg for å opne seg opp om det som plaga han, både til klubben og familien. Det har vore eit stort steg i rett retning for den unge fotballspelaren. Den siste tida har han også fått hjelp av mentaltrenaren i Lillestrøm, Mette Rosseland. No skildrar han ei kjensle av blanke ark, låge skuldrer og fotballglede.

– Føler at framtida ser mykje lysare ut for meg no enn den gjorde før eg opna meg opp, fortel 21-åringen.

Vårt Land har vore i kontakt kommunikasjonsansvarleg i Lillestrøm fotballklubb, Morten Stokstad. Han skriv i ei tekstmelding at Tobias Svendsen ikkje ynskjer å uttale seg meir om saka, då det har vore ei stor belasting å stå fram med historien sin. No ynskjer han å sjå framover.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion