Religion

Daniel og Heidi førebyggjer sjølvmord frå heimekontoret

KIRKENS SOS: Korona tvinga fram digitalisering og heimekontor for frivillige hjå kristenesta til Kirkens SOS. Det førte til at nye grupper frivillige kan bidra.

Daniel er ein fersk frivillig i krisetenesta til Kirkens SOS. Han bur i Bodø, og har dermed godt over femti mil til nærmaste vaktrom, som er basane der dei frivillige i Kirkens SOS tradisjonelt sett har svart på telefonar og meldingar. Det ville vore utenkeleg for Daniel å vera frivillig viss han måtte reise til Tromsø for kvar vakt.

Men takka vera den omfattande digitaliseringa organisasjonen måtte gjennom då Noreg stengde ned i fjor, kan no folk som bur langt unna vaktromma også bidra med tid og innsats inn i Kirkens SOS. Organisasjonen tilbyr ei heildigital teneste, der både kursing, rettleiing og vaktene skjer heimanfrå.

– Eg har akkurat fullført innføringskurset og hadde mi fyrste prøvevakt i går, fortel Daniel.

Han har lenge tenkt på å bruke litt av fritida si på frivillig arbeid, både for å utfordre seg sjølv og for å kunne hjelpe andre. At ein no kan bidra frå kvar som helst, så lenge ein har internett, trur han kan bidra til at fleire let seg rekruttere.

– Det må berre bli kjent at det går an. Det er meiningsfullt for både ein sjølv og dei ein kan vera der for, så kvifor ikkje?

Det einaste negative med heimekontor er mangelen på det sosiale med dei andre frivillige, tenkjer Daniel. Men både rettleiing og diskusjonar har dei digitalt.

---

Kirkens SOS

  • Døgnopen kriseteneste på telefon og internett.
  • Svarar på rundt 200 000 meldingar og telefonar i året.
  • Om lag 1000 frivillige og 40 tilsette.
  • 11 lokale SOS-senter.
  • Stifta i 1974

Kjelde: Kirkens SOS

---

Ubruka ressursar

– Det er mykje ubruka ressursar der ute, og no såg me sjansen til å tenke nytt.

Det seier leiar for Kirkens SOS i region Tunsberg, Anne Line Diesen. Ho er pådrivar for eit prosjekt der dei jobbar med rekruttering inn mot mellom anna distriktskommunar i Telemark og Nordland.

– Du kan sitje på ei øy i Lofoten og jobbe på Teams med menneske frå heile landet, forklarar Diesen.

Kirkens SOS vil rekruttere nye frivillige med digitale løysingar. KDaglig leiar for Kirkens SOS i Tunsberg, Anne Line Diesen, til venstre.

Heimekontora til Kirkens SOS krev litt ekstra tilrettelegging, då ein mellom anna må vareta personvern og anonymitet hjå både dei som tek kontakt og dei som svarar.

Av dei same grunnane brukar me i denne saka berre fornamnet til dei frivillige.

Det gjer noko med deg å snakke med menneske som er så langt nede.

—  Heidi, frivillig i Kirkens SOS

Vil gje folk eit ljosglimt

Også Heidi er frivillig for Kirkens SOS og synest det er heilt supert å svara på telefon og chat heimanfrå. Sjølv bur ho ikkje langt frå eit av vaktromma til organisasjonen, men sidan ho er avhengig av rullestol er det å koma seg ut av huset litt meir brysamt enn for mange andre.

– Eg tenkjer at det er ein del med «vondtar» eller i rullestol som tenkjer at dei ikkje kan vera frivillige, men dette er eit supert høve. Det er fullt mogeleg å gjera ein viktig innsats, sjølv om ein ikkje kan reise nokon stad, seier Heidi.

Av og til er det nokon som vil snakke om dagen sin, andre gonger er det djup fortviling og sjølvmordstankar som er temaet.

– Det gjer noko med deg å snakke med menneske som er så langt nede. Å avverje ein slik situasjon, eller berre gje nokon eit ljosglimt den dagen, er veldig gjevande.

Og ho har sjølv kjent på kor viktig krisetenesta er. Ei natt for nokre år tilbake var det ho som trong nokon å dele uro og vanskelege tankar med. Derifrå var ikkje vegen lang for å sjølv søke om å kunne vera til støtte for andre.

Heidi, frivillig i kirkens SOS

Einsemd og sjølvmordstankar

Då Noreg stengde ned 12. mars i 2020 visste Kirkens SOS at det var viktigare enn nokon gong å vera tilgjengeleg. Tilsette som vanlegvis ikkje har som oppgåve å svara på telefonar, stilte opp.

– Me jobba døgnet rundt for å få det til, men sakte, men sikkert opparbeida me oss mange nok kvalitetssikra heimekontor. Etter ei veke var kapasiteten nesten tilbake til normalt, seier Diesen.

Frå 2019 til 2020 såg ein ein merkbar auke i alvorsgraden i samtalene som handla om sjølvmord. Einsemd var også eit tema som kom opp oftare enn før. Diesen i Kirkens SOS trur det har vore viktig i denne tida å ha eit lågterskeltilbod, der dei som treng nokon å snakke med kan vera anonyme.

– Me håpar at endå fleire tørr å ringe. Det hjelper å snakke om ting. Det høyrest enkelt ut, men det er heilt sant.

Manglar kapasitet

Anders Sandvik er assisterande rådmann i Vinje kommune i Vest-Telemark. Dei blei kontakta av Kirkens SOS og har sagt seg villige til å informere og legge til rette for både potensielle brukarar og frivillige av organisasjonen sine tenester.

– Det er ein nasjonal dugnad som me gjerne blir med på. Me veit at offentlege helsetenester ikkje alltid har stor nok kapasitet, så tiltak som Kirkens SOS sine er kjærkomne. Og det er mange gode, oppegåande folk her som kan bidra, meiner Sandvik.

Og det ville nok ikkje vore aktuelt for så mange før heimekontorløysinga kom, då det for dei fleste i kommunen ville tatt rundt halvannan time å koma seg til nærmaste vaktrom.

Kirkens SOS vil rekruttere nye frivillige med digitale løysingar. Anders Sandvik, Assisterande rådmann - Vinje kommune

Sandvik synest det er fint å sjå at korona har påskunda ein digitaliseringsprosess, som mellom anna gjer det enklare for folk i distrikta å bli frivillige.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion