Religion

Meiner viktige spørsmål står ubesvart i organiseringsarbeidet – diskusjon om komande høyring

DEN NORSKE KYRKJA: Snart skal Kyrkje-Noreg få seie si meining om forslaget til ny DNK-struktur. Men kva som skal ut på høyring – og når – blei gjenstand for lang diskusjon i Kyrkjerådet.

– Litt spissfomulert: Får me ikkje tid i denne Kyrkjemøte-perioden, abdiserer me som Kyrkjeråd, sa representant frå Bjørgvin Karl Johan Kirkebø.

Replikken kom etter eit forslag på Kyrkjerådet sitt mai-møte: Å utsetje høyringa av moglegheitene til den – mykje omtalte – nye organiseringa av Den norske kyrkja. Fleire medlemmer sette spørjeteikn ved at fleire spørsmål fortsatt står utan svar. Nye del-utgreiingar er først venta over nyttår. Er det då riktig å sende ut ei høyring med «blanke» felt?

– Skal me vente til alle spørsmål er besvarte, får me aldri ei ny ordning. Dette er ei god utgreiing, som utvalet bak i all hovudsak har gjort grundig. Med unntak av spørsmålet om leiing lokalt, meiner eg denne gir kyrkjelydane eit godt grunnlag til å meine noko om den nye strukturen, sa Kirkebø.

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Karl Johan Kirkebø.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

– Berører mange sin arbeidskvardag

Blant fleire som uttrykte uro for dei fire del-utgreiingane som står att, var Therese Utgård Aas.

– Uroen for meg handlar mest om kor vidt dette kan gjere det vanskelegare for sokneråda og fellesråda å svare på høyringsnotatet.

– Dette arbeidet er utruleg komplekst, og skepsisen min har spesielt handla om eit punkt som ikkje er ferdig utreda: Organisering og leiing på arbeidsplassen lokalt. Det veit eg mange er veldig opptatt av – det berører mange sin arbeidskvardag, seier ho.

Med bakgrunn i denne problemstillinga blei eit nytt forslag blei fremja frå eit anna medlem: «Kirkerådet vedtar å vente med å sende utredningen på høring (...) til delutredningene i vedtakspunkt 3 er utredet».

Til slutt fekk dette bare to stemmer. Men etter innspel frå fleire, blir høyringsnotatet arbeida meir med på eit ekstraordinært møte i juni. Etterpå skal organiseringsutgreiinga ut på høyring til kyrkjelydar, kommunar og andre relevante aktørar.

---

Ny DNK-organisering

  • Kyrkjemøtet har bede Kyrkjerådet om å legge fram ein konkret plan for arbeidsgivarorganisering, og den øvrige kyrkjeordninga.
  • Målet er ei ny, enkel og funksjonell kyrkjeordning.
  • I oktober 2019 etablerte Kyrkjerådet Prosjekt kyrkjeleg organisering.
  • Hovedutvalet i prosjektet leverte rapporten sin 31. mars 2021, kor dei peiker på ulike alternativ og tilrådingar.
  • Det er denne skissa som skal ut på brei høyring i juni.

---

Kirkerådet

Optimistiske utsikter

Møre-representant Utgård Aas fortel at heile Kyrkjerådet, trass ulike meiningar, ønsker dette skal gå så bra som mogleg. At saka skal bli enkel for høyringsinstansane å svare på, er alle samde om.

– Eg meiner me må sende ut eit høyringsnotat med både ja-og-nei-spørsmål til organiseringa, og høve til å svare fritt og også argumentere. Ikkje alle små sokn har ressursar til ei stor sakshandsaming, men slik kunne dei fått høve til å bli høyrde likevel. No det ser ut til å kunne skje.

– Men eg må seie: Eg trur dette går bra til slutt. Det er ein lang prosess, som er godt starta. At det blir ein så brei høyringsrunde, er bra, og gir legitimitet til prosessen, seier Utgård Aas.

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Therese K. B. Utgård.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

Må kome i gang

At dette er ei kompleks sak, som rører ved mange menneske sin arbeidskvardag, er også slik kyrkjerådsleiaren ser det.

– Dette dreier seg om prinsipp om kva me skal vere som kyrkje. Sidan utvalet si tilråding blei forsinka, blei saka handsama berre ein gong i Kyrkjerådet. Då er det ikkje rart at me no har hatt behov for å sjå grundig på ho – og ein del av formuleringane i høyringa, seier Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho viser til bestillinga frå Kyrkjemøtet, som har bede om å få behandle forslaget til ny organisering i 2022. Skal det kunne skje, må saka ut på høyring no, slik at prosessen kan bli brei og grundig.

– Eg meiner det var heilt legitimt og viktig å drøfte korleis me gjer dette. No må me sikre at alle som ønsker å meine noko, får uttale seg, og ha nok tid til ei høyring. At folk er opptatt av å belyse spørsmåla så godt som mogleg, er bra.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion