Religion

Snart kan 200 samlast til gudsteneste

GJENOPNING: Situasjonen rundt både smitte og vaksinasjon er stadig i betring. Derfor går regjeringa inn for at fleire kan møtast på arrangement framover – også på tvers av kommunar.

– Me ser heldigvis positive signal i smittesituasjonen no. Talet på smitta har gått ned, og vaksinasjonsgraden går raskt oppover. Fleire dosar er på veg, og det betyr at me kan opne opp meir, fortel barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad til Vårt Land.

KrF-politikaren veit at mange er spente på kva tiltak sommarens festivalar og stevner må planleggast ut frå. No kjem regjeringa med tydelegare føringar for kva gjenopninga i trinn to og trinn tre betyr i praksis.

– Noko av det folk vil merke best i første omgang, er at me doblar talet som kan samlast innandørs, seier Ropstad.

I dag er den nasjonale regelen 100 personar på faste tilviste plassar. Frå og med torsdag 27. mai aukar talet til 200. Då går trinn to i gang.

Dette gjeld dei nasjonale reglane. I område med høgt smittetrykk kan det gjelde lokale, strengare reglar.

---

Trinn to – nye nasjonale reglar:

  • Frå og med 27. mai slepp regjeringa opp nokre av restriksjonane for arrangement.
  • 200 personar kan samlast til arrangement med faste tilviste plassar.
  • 50 personar kan samlast til arrangement utan fast plass.
  • 600 personar kan samlast til arrangement utandørs med faste tilviste plassar (men fordelt på 3 kohortar à 200 personar). 200 kan møtast på eit arrangement ute utan faste plassar.

---

No kan du dra til nabokommunen

Der kor ein har arrangement utan faste tilviste plassar, er begrensninga i dag på 10 personar. I trinn to aukar det til 50.

Barne- og familieministeren har fått mange spørsmål frå folk som har utsett dåp, konfirmasjonar og bryllup, som lurer på rådet om å ikkje reise til arrangement på tvers av kommunar.

– Der kjem det ei viktig endring no. Me endrar rådet om å ikkje samlast på tvers av kommunar, til å oppmode til å vere forsiktige, fortel Ropstad.

Med det meiner regjeringa at ein fortsatt skal tenke på korleis ein best mogleg hindrar smitte mellom kommunar. Kjem du frå ein kommune med mykje smitte, skal du ikkje oppsøke arrangement i ein annan kommune.

– Heldigvis bur mange på stader med lite smitte, så no kan ein i større grad dra på ei gudsteneste eller ein konfirmasjon i ein annan kommune enn din.

Det kjem òg eit lettande tiltak for barn og unge under 20 år: 100 personar kan frå torsdag samlast – utan tilviste plassar – viss ein kjem frå same kommune.

Meir opning i juni, men...

Utgangspunktet er at det skal gå minimum tre veker mellom kvart trinn i gjenopningsplanen. Det betyr – viss alt går i riktig retning – at trinn tre kan bli sett i verk i siste del av juni.

– Når me snakkar om gjenopning i trinn tre, er det eit forbehold der. Plutseleg kan det kome ein mutant, eller smitten kan stige, og då kan det bli endringar, seier Ropstad.

Han håpar og trur at det er relativt trygt for sommarens arrangement å planlegge etter det trinn tre ligg an til å åpne for (sjå under kva trinn tre betyr).

– Eg er opptatt av at flest mogleg får gjennomført så mykje dei kan for barn og unge i sommar. Eg forstår godt at det er krevjande å planlegge, men det er så viktig for barn og unge å møtast, seier statsråden.

Til trinn tre har FHI skissert endå større åpning for arrangement. Innandørs vil ein kunne ha arrangement utan tilviste plassar med 2 kohortar på 200 personar. Då aukar ein altså til 400 personar utan faste plassar.

På dagens pressekonferanse presenterer regjeringa òg koronasertifikatet. Det kan ein arrangør velje å ta i bruk. Dersom ein oppfyller krava (negativ test maks 24 timar i forkant, negativ hurtigtest, eller dokumentert beskyttelse), kan eit arrangement då ha 1000 personar utan faste tilviste plassar og 2500 med faste tilviste plassar innandørs.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion