Religion

Michael Melchior: – Berre gjennom religiøs fred kan me løyse dette

MIDTAUSTEN: Overrabbiner Michael Melchior ser sterkare religiøse motiv under den pågåande konflikta på Gaza enn tidlegare. – Ei religiøs konflikt kan ikkje løysast politisk.

– Denne gongen er det ein religiøs motivasjon som har utløyst konflikten, og ingen kan vinne ei religiøs konflikt. Det er så djupt tragisk at ingen forstår at den einaste måten me kan finne ei løysing er ved å få til fred mellom jødar og muslimar.

Det seier Michael Melchior, overrabbiner i Det Mosaiske Trossamfunnet i Norge og mangeårig pådrivar for religiøse fredsinitiativ og dialog mellom israelarar og palestinarar.

Brukes til intervju m. M. Melchior i VL

Han ser noko annleis med denne omgangen med konflikt og krigshandlingar i Gaza. For medan det i 2009 og 2014 bar sterkare preg av å vera ei politisk konflikt om nasjonal identitet, meiner han opptakta denne gongen i større grad var religiøst motivert.

– Det var mange faktorar som var med på å utløyse oppblussinga, men det som verkeleg fekk det til å brake laus var då det israelske politiet etter ein del uro på sjølve Tempelhøgda gjorde feilen med å gå inn og stoppe ei gudsteneste i al-Aqsa-moskeen. Det var ein av dei viktigaste gudstenestene i ramadan-månaden på ein av muslimane sine heilagaste stadar. Sjølv om politiet på det tidspunktet ikkje visste konsekvensane, så erklærte dei ein religiøs krig. Det var i alle fall slik mange tusen muslimar som var i moskeen på det tidspunktet opplevde det, meiner Melchior.

Var på rett veg

Han leier i dag fleire råd og organisasjonar som arbeider for forsoning og religiøs fred mellom jødar og muslimar. Men for mange nordmenn er han nok mest kjent ved å vera rabbinar i Det mosaiske Trossamfunn i Oslo i mange år, før han flytta til Israel på 80-talet. Der har han vore ein framståande politikar og har mellom anna hatt fleire ministerpostar.

Viss ein ikkje forstår sjukdomen kan ein heller ikkje behandle den.

—  Michael Melchior, overrabiner.

Før den nylege oppblussinga av konflikten såg rabbinaren ei positiv utvikling. Heilt sidan 2019 har ein i Israel hatt ein fastlåst politisk situasjon der ingen partar har greidd å danne ei fleirtalsregjering. Dette har ført til fire val i løpet av dei siste åra, og har tvunge partane til å sjå etter nye, potensielle samarbeidspartnarar. I sist val gjorde noverande statsminister, Benjamin Netanyahu, framstøyt mot israelske arabarar. Og nykelen til fleirtal kunne sjå ut som var det moderate islamistpartiet Den arabiske felleslista.

– Me hadde verkeleg kome til ein god stad. Før krigen var ein i ferd med å danne regjering basert på eit islamsk parti. Det kan ein ikkje sjå for seg at ville skjedd i eit vestleg land som Noreg eller England. Dette blei akseptert her i Israel, og me hadde gjort stor framgang. Også bryt dette ut.

Politiske løysingar på religiøse problem

Overrabbineren fortel om kraftige reaksjonar etter at politiet storma al-Aqsa-moskeen. Bølger av vald mot jødar i gatene og store demonstrasjonar.

– Det var reine lynsjestemninga, og folk forstod ikkje kvar all valden kom ifrå, fordi ein ikkje har forstått dei religiøse aspekta med situasjonen. Og viss ein ikkje forstår sjukdomen kan ein heller ikkje behandle den.

Til gjengjeld førte israelsk politis røffe behandling av demonstrantane til fleire protestar i gatene i Jerusalem. Røde halvmåne meldte at fleire hundre blei skadde i samanstøyten mellom israelsk politi og palestinske demonstrantar på plassen ved al-Aqsa-moskeen.

– Det er berre gjennom religiøs fred me kan løyse dette. For på same måte som ein kan skape konflikt gjennom religion, kan ein også skape fred. Ei religiøs konflikt kan ikkje løysast politisk. Politikarane kan finne dei praktiske politiske løysingane, men det hjelper ikkje viss ein ikkje har den religiøse legitimiteten i botn, meiner Melchior.

Unge ser ikkje smerta

Han trur litt av løysinga ligg i å få folk til å tru at det går an å finne ei løysing, slik som han sjølv gjer. Han er redd for at mange muslimar trur at jødedomen seier at muslimane skal utslettast, og omvendt.

– Viss folk på begge sider trur at motparten ikkje kan leve med at me eksisterer, så blir det vanskeleg å få til ei løysing.

Sjølv synest han det er djupt tragisk å sjå dei enorme lidingane på begge sider. Han er bekymra for den oppveksande generasjonen, som han opplever at i større grad enn før, berre får presentert den eine sida av saka.

Brukes til intervju m. M. Melchior i VL

– Unge muslimar ser barna som er drepne på Gaza og det som skjer i al-Aqsa-moskeen på sosiale medier. Unge jødar ser og les om synagoger som blir sett fyr på, torarullar som blir kasta og lynsjing av jødar. Ja, dei ser videoar av at høghus på Gaza blir bomba, men ikkje smerta på andre sida. Det er det ingen av partane som ser.

Han trur at sosiale medier som kontinuerleg fôrar dei unge med intens vald gjer ei forsoning vanskelegare. Då er det ikkje nokre fine ord frå politikarane som skal til, det kjem til å krevje ein djupare prosess.

Brukes til intervju m. M. Melchior i VL

Blir rive i stykke

Sjølv har Melchior både barn og barnebarn i det israelske militæret.

– Eg har hjartet i halsen. Alle mine palestinske venner veit at dei er i hæren, og det er utruleg trist at me blir rive i stykke av dette.

Han fortel også om vener som har eit senter for fred og forsoning på Gaza, som no ligg i ruinar. Men dei har endå ikkje gitt opp håpet om fred.

– Eg skal vera med å bygge opp att senteret. Og det finst lyspunkt. Me har rabbinarar og imamar som lovar kvarandre at det kjem ein dag etter alt dette der me skal bygge opp det som har blitt rive ned, og få til sameksistens. For det er den einaste vegen fram.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion