Religion

Slik redda dei andaktsstunda for dei eldre: – Akkurat som om me er i kyrkja

SAMAN I TRUA: Pandemien kunne sett ein stoppar for eit av Marit Tveita sine høgdepunkt i kvardagen. Men så kom kyrkja og Stavanger kommune på ein god idé.

Sokneprest Audun Erdal står framfor tre blåmalte bilder i den lyse, paneldekte Revheim kirke i Stavanger. Han held eit ark med notater, og vekslar mellom å peike på kunsten bak seg, og å snakke til dei som ser på.

Marit Tveita sit med hendene falda, og rullatoren parkert ved sida av seg. Taklyset er slått av, rommet er dunkelt, og telysa er tente. «Nåde være med dere» høyrer ho, og dei fire damene ved sida av henne, presten seie.

Men Marit Tveita er ikkje på ei gudsteneste i Revheim kirke. Ho sit i fellesstua på Slåtthaug sykehjem i Stavanger.

Slåtthaug sykehjem

– Dette går til hjartet

Ein gong i veka pleier prestane Audun Erdal eller Turid Mellemstrand Rabenorolahy kome innom sjukeheimen for å samle dei eldre til livgivande ord. Ofte er organisten Vit Kolos med. Men så kom pandemien.

Gruppene blei mindre, og så få som mogleg utanfrå skulle inn på aldersheimane. Med eit heilt liv som kyrkjegjengar bak seg, betyr det å samlast om bibelord og salmar mykje for 91 år gamle Marit Tveita.

– Derfor har det vore veldig godt å få desse andaktene på skjermen. Då er det jo akkurat som om me er i kyrkja, på ein måte, seier ho.

Slåtthaug sykehjem

Gjennom andaktsstundene får bebuarane reise frå kyrkje til kyrkje i Stavanger, der kor dagens prest eller diakon høyrer til. Dei får sjå klipp av kyrkjerommet, høyre musikarar spele salmar, høyre om kunsten og bygget – og bibelord, sjølvsagt. Stunda varar cirka ein halvtime.

– Og det går veldig fort. Dei speler bare fine sangar, slike som me sang før i tida. Det er så gildt å synge med, fortel Tveita.

– Kva gir desse stundene deg?

– Eg blir rolig. Dette går til hjartet. Og i hjartet må me bevare det gode, seier ho, og peiker på Salomos Ordspråk 4:23.

– Meir enn dette kan eg ikkje forlange, synest eg, seier Tveita.

«Gull»

Aktivitets- og frivilligkoordinator Hilde Gustavsen peiker på timeplanen for avdelinga Oasen. Denne veka står «Andakt via YouTube» oppført to dagar.

Salmetonane frå kyrkjemusikarane høyrest heilt frå stua og ut på ganga. Dei fem damene stemmer forsiktig i til «Alltid freidig». Gustavsen veit kor mykje desse stundene kan bety for dei som bur på Slåtthaug sykehjem.

– For nokon er trua personleg, noko dei vil halde inne på rommet sitt. Men for dei som gjerne vil samlast, høyre orda bli fortalt, og synge saman, er dette fint. Denne løysinga er gull, altså, seier aktivitetskoordinatoren.

Slåtthaug sykehjem

Sjølv om pandemien i lengre periodar har hindra dei eldre frå eit fysisk møte med ein prest, fører YouTube-stundene med seg bonusar dei ikkje får til vanleg.

– Dei får sjå kyrkjer dei kanskje ikkje har sett på fleire år, fortel Gustavsen.

At formidlinga foregår på skjerm, virkar ikkje å hindre ei kjensle av nærleik, seier ho. Skjermane er store.

– Det er det som er med det åndelege, det er nært til hjartet. Og det treng ein veldig i denne tida, trur Gustavsen.

Slåtthaug sykehjem

Må ikkje haste avgarde

Mange av prestane i Stavanger drar fast innom sjukeheimar i soknet sitt til vanleg. Fellesrådet i byen veit at desse møtene blir sett pris på, så då Statsforvataren lyste ut midlar til koronatiltak, søkte dei, saman med kommunen, og fekk. No kjem det nye andaktar, til dei eldre som ønsker det, kvar veke.

– I tillegg til det åpenbare, at prestane og musikarane ikkje kunne kome slik dei pleier, oppdaga me at det knapt var musikkressursar for eldre på Spotify og YouTube, fortel Andreas Borge Håmsø i Stavanger kyrkjelege fellesråd, prosjektleiar og produsent.

Derfor er musikken, salmane, ein viktig del av YouTube-prosjektet. Sangane skal gå i eit «teneleg tempo og toneleie». Fellesrådet har samarbeida tett med dedikerte sjukeheimsprestar for å få formidlinga best mogleg.

Slåtthaug sykehjem

– Når 85 prosent av dei som bur på sjukeheim har ein demensdiagnose, må formidlinga vere rolig, behageleg og tydeleg – og ikkje haste avgarde, fortel Borge Håmsø.

Først tenkte prosjektleiaren at dei skulle ta opp ein drøss med andakter på rappen, i same kyrkje. Men etter kort tid oppdaga dei at det hadde ein verdi i seg sjølv å sjå dei ulike bygga.

Slåtthaug sykehjem

Livgivande tru

Marit Tveita er den einaste kristne på avdelinga si. Likevel er YouTube-andaktene noko fleire av dei andre vil delta på. Det er «godt for oss», meiner ho.

På sjukeheimen ser Tveita mykje sjukdom, og folk som har det vondt. Sjølv minnest ho dei vanskelege åra under krigen, men konkluderer med at ho har – og har hatt det – godt.

– Det er klart at trua har vore god å ha når det har vore vanskeleg, fortel ho, og mimrar tilbake.

– Kva betyr trua for deg?

– Den betyr alt. Hadde eg ikkje fått tru at eg får kome himmelen, og at eg får det godt ein gong, ville det vore mykje tyngre å vere her, seier Tveita.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion