Religion

Misjonær ville ikkje sende barna sine på internat – opplevde å bli stempla som illojal

MISJONÆRBARN: Då Kari Hals og familien skulle reise ut som misjonærar til Etiopia, var det uaktuelt å sende sjuåringen på internat ei dagsreise frå foreldra. Det var det ikkje alle som lika.

– For oss var det sjølvsagt at me ikkje skulle sende ein unge på sju år fleire titals mil av garde, for å sjå ho nokre gonger i året. Det går imot alt me veit om barns psykologi, seier Kari Hals.

I 1974 reiste høggravide Hals, dei to barna og hennar dåverande ektemann til Etiopia som misjonærar for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Der var dei i fire turbulente år med borgarkrig og statskupp, før dei blei evakuerte heim til Noreg. Tanken var å ha eit fireårig heimeopphald, før dei reiste tilbake til misjonsmarka.

Men det var noko som skurra for misjonærparet. I løpet av dei siste åra hadde dei fått to barn til, og dei tre eldste hadde nådd skulealder. Og i provinshovudstaden Arba Minch, der sjukehuset mannen jobba på låg, var langt unna norsk skule. Den låg i Addis Abeba, ei dagsreise unna på dårlege vegar.

Vondt å vera vekke

I god tid før utreise byrja Hals å undersøkje saka nærmar med å snakke med noverande og tidlegare elevar ved skulen i den etiopiske hovudstaden. Det gjorde ho berre sikrare i si sak.

– Fleire av barna opna seg for meg og fortalde kor vondt det eigentleg var å vera vekke frå foreldra. «Men det har me ikkje lov å snakke om, for det likar ikkje mamma og pappa», var det fleire som uttrykte.

Hals fortel at dei unge vaksne ho snakka med også dro fram positive sider med å vera på skulen. Men dei fleste fortalde at trass i leik og moro så låg det heile tida ei tung kjensle av å vera forlaten over dei.

– Eg skal ikkje seie at alle som gjekk der hadde det slik, men eg vil lyfte fram saka til dei mange som hadde det vondt, og for å vera ærleg trur eg det var fleirtalet, seier Hals.

Å tole for Guds skuld

Tidlegare i vår gav teikneseriekunstnar Lene Ask ut boka «O bli hos meg», ein teikna dokumentar om kva det har kosta misjonærbarna å bu vekke frå familien. I etterkant tok Kamerun-misjonær Lilly Walle (94) eit knallhardt oppgjer med seg sjølv som mor. «Det var me foreldre som var dei skuldige», sa ho til Vårt Land.

Hals meiner ikkje misjonsorganisasjonane står utan skuld, men er klar på at foreldra har eit unikt ansvar for å gjera det ein meiner er best for barna. Difor prøva ho sjølv å lufte motførestellingane sine om å sende barn på internat med andre i krinsen sin før familien reiste tilbake til Etiopia. Men ho opplevde å bli møtt med ei kald skulder. Det blei tydeleg for ho at dette var noko ein ikkje skulle stille spørsmål ved.

NLM svarar lengre ned i saka.

– Det blei sagt at det var verre for foreldra enn barna, men slik eg ser det var det ein forsvarsmekanisme. Ein tenkte at ein skulle underordne seg både misjonsorganisasjonen og Gud. Også barn hadde ein tanke om at dette var noko dei måtte tole for Gud si skuld. For meg var internatsystemet berre det, eit system. Ikkje det 11. bod.

Ingen kan erstatte foreldra. Det er for mykje å forlange, også av lærarane.

—  Kari Hals, tidlegare misjonær.

For Hals verka det som foreldre flest og leiinga i NLM var samstemte i at systemet med internat ikkje var ope for diskusjon. Ho sakna ei open og ærleg samtale om det.

– For å få til forandring måtte ein fyrst anerkjenne at måten ein gjorde ting på ikkje var god, og korleis skulle ein koma fram til det viss alle problem blei dyssa ned?

Ultimatum

Til slutt enda ekteparet Hals med å sende eit brev til leiinga i NLM, der dei gjorde det klart at dei ikkje reiste ut viss alle barna måtte bu på internat. Det heile enda med at Kari og barna fekk bu i eit hus rett med skulen, medan ektemannen jobba i Arba Minch, en dagsreise unna. Huset skulle ho få ha så lenge ho meinte det var naudsynt.

Livet tett på skuleheimen, som området med skulen og internatet blei kalla, gjorde ikkje Hals tryggare på å la barna vera der aleine. Tvert om fekk ho stadfesta at dette var tøft for mange.

– Eg prøvde å vera der for dei og invitere barn heim, men ingen kan erstatte foreldra. Det er for mykje å forlange, også av lærarane.

Etter eit halvt år blei familien Hals bedne om å flytte ut av huset, misjonsorganisasjonen trong det til andre føremål, fekk dei beskjed om. På nytt måtte dei vurdere situasjonen. Etter å ha snakka med barna blei dei einige om at Thorleif og Einar, som på denne tida gjekk i fjerde og femte klasse, skulle bu på internatet, medan Anne i andreklasse skulle bli undervist av mor si i Arba Minch.

Eg ynskjer å anerkjenne smerta det har vore og eg er veldig glad for at desse historiene kjem fram.

—  Hans Arne Sanna, leiar for NLM Utland.

Avtala var at det skulle gå maksimalt to veker mellom kvar gong Kari og dei tre yngste barna kom til skuleheimen i Addis Abeba, og då budde dei på eit gjestehuset på området over fleire dagar.

Illojalt og urettferdig

– Spesielt at eg tok med meg Anne blei ikkje godt motteke. Andre foreldre sa det var urettferdig for dei andre barna og kalla meg illojal, og dette blei understreka av misjonsleiinga. Men eg stod trygt i valet. Eg vel å ha lojaliteten hjå barna mine.

At andre foreldre synest det var urettferdig sa for Hals noko om at ein kanskje ikkje var så nøgd med dagens ordning som ein gav uttrykk for.

– Då eg spurte om dei sjølve hadde bedt om ei anna løysing, fekk eg berre til svar at «nei, det kan me då ikkje». Men eit par mødrer «kom ut av skåpet» då ingen andre høyrde på, og sa kor einige dei var med meg.

Då nest yngste i flokken, Yngve, skulle byrje i fyrste klasse blei dei saman einige om at han ikkje skulle få heimeundervisning, men byrje på skulen i Addis Abeba.

– Det å vera vekke så mykje frå barna var ikkje ei veldig grei ordning, men det var det beste me fekk til. Og eg snakka mykje med barna, og dei visste at dei kunne be meg om å få heimeundervisning viss dei heller ville det.

Veit meir i dag

Hans Arne Sanna er leiar for NLM Utland. Han synest det er sterkt å høyre Kari Hals sin historie, og meiner det er lita tvil om at ho peikar på viktige punkt som seinare blei gjeldande praksis i organisasjonen.

– Eg ynskjer å anerkjenne smerta det har vore og eg er veldig glad for at desse historiene kjem fram, skriv han i ein e-post til Vårt Land.

I 2011 kom rapporten «Oppvekst og skolegang i utlandet», basert på ei undersøking blant misjonærbarn hjå NLM og NMS, og i kjølevatnet slo organisasjonane fast at ordninga med internatskular ikkje var på barna og foreldra sine premiss.

– Me orsaka også at me hadde eit system som ikkje tok vare på barns behov for omsorg og nærleik til foreldra. Denne orsakinga står fast, skriv Sanna.

Det er fyrst og fremst eit foreldreansvar å sørge for at barna har det bra. Det er der lojaliteten bør ligge.

—  Kari Hals, tidlegare misjonær.

– På kva måte tenkjer ein annleis om misjonærbarn i NLM i dag, i forhold til på 80-talet?

– Me veit mykje meir om skadeverknadane ved bruk av internat, ikkje minst for små barn. Det er viktig for oss at kallet til teneste ikkje skal gå utover barna, og dermed foreldrekallet.

Sanna skriv at ein i NLM gradvis utover 2000-talet avvikla internatordninga, og at ein i dag mellom anna har eigne samtaler med barna før utreise.

Ville stått hardare på krava

Hals har snakka litt ekstra med barna dei siste dagane, og sjølv om ungane er ulike, så sit ho med inntrykk av at dei hadde det greitt, spesielt sidan ho var så mykje på skuleområdet.

– Er det ting du i dag ynskjer at du hadde gjort annleis?

Hals må tenke seg om, skulle helst ha spurt barna.

– Det måtte ha vore å halde fast på å bu fast i nærleiken av skuleheimen. Viss eg ikkje kunne bruke huset eg budde i byrjinga, skulle eg ha funne eit anna. Eg ville ha stått på krava.

Likevel synest ho barna har klart seg godt, og eldstesonen, Thorleif, enda til og med opp med å ta med seg sin eigen familie til misjonærteneste for NLM og Navigatørene i Etiopia. Då var det godt for bestemora å sjå at det blei lagt til rette med lærar og assistent frå Noreg for at barnebarna skulle få undervisning. Sjølv kan ho framleis finne på å gå på eit møte i NLM-regi og har ingen ynskje om å sverte organisasjonen.

– Ein har tatt opp problema rundt misjonærbarn på internat i fleire omgangar dei siste 20 åra. Er det noko du saknar at misjonsorganisasjonane gjer i dag?

– Det er vanskeleg å svara på, men eg har inntrykk av at ein i mykje større grad er opne og har ein god kommunikasjon i dag. Og organisasjonane står ikkje utan skuld. Dei må hugse at dei ikkje berre sender ut to vaksne, men bør ha med barneperspektivet. Når det er sagt er det fyrst og fremst eit foreldreansvar å sørge for at barna har det bra. Det er der lojaliteten bør ligge.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion