Religion

Særs få vil vere ungdomsprest: – Ein vond spiral, som me må bryte

PRESTEMANGEL: Han kjem tett innpå kyrkjelyden sin, og får vere sjelesørgar i ein avgjerande fase av livet. Simon Wallem Dahl stortrivst som ungdomsprest, men trur splitta stillingar og for lite satsing hindrar at fleire sårt trengte kollegar kjem til.

– Eg pleier seie at eg har verdas beste jobb. Og det meiner eg heilt oppriktig. Den er fantastisk, seier Simon Wallem Dahl.

I fem år har han vore ungdomsprest i Lura menighet i Sandnes, og håpar å kunne bidra til at veksten ungdomsmiljøet allereie opplever held fram.

– Det er så spennande å få følge livet til ungdommane. Når dei kjem inn i åttande-niande-klasse, er dei nesten ungar. Og nokre år seinare er dei nesten vaksne. Å følge dei gjennom den tida gir mykje, fortel han.

– Eg får lov til å vere samtalepartnar for mange gjennom vanskelege ting. Det å bety noko i ein konkret situasjon, som er litt annleis enn det «vanlege» sorgarbeidet til ein prest, er vanvittig spennande.

Simon Wallem Dahl

Entusiasmen 30-åringen viser overfor jobben sin, skulle nok Den norske kyrkja sett meir av. Vårt Land har vore i kontakt med alle landets bispedøme (med manglande svar frå to). Om lag halvparten peiker på at det er stillingar som ungdomsprest, eller kapellan med ansvar for barn og unge, som er blant dei aller vanskelegaste å fylle.

I Stavanger bispedøme lyste dei for eksempel ut fleire ungdomsprest-stillingar i 2020. Det var få søkarar til desse, opplyser assisterande stiftsdirektør. Det i eit bispedøme som tradisjonelt sett har hatt god rekruttering.

Lite undervisning på studiet

– Ungdommar er ofte mykje åpnare enn dei som er litt eldre. Det er lettare å kome tett på livet deira, relativt fort, trekk Wallem Dahl fram.

Presten i Sandnes drar ein parallell til landets mest populære prestestillingar – spesialprestane: Dei om jobbar i fengsel, blant studentar og på sjukehus. Han trur det er underkommunisert at også ungdomsprest-jobben er ein slags spesialprest-jobb.

– Denne jobben oppleves fagleg spissa, noko som er veldig givande. Der kor soknepresten vår har rundt 4000 medlemmer å forhalde seg til, frå 0 til over 100 år, får eg konsentrert meg om «mine» kanskje 150, seier Wallem Dahl.

Simon Wallem Dahl

I arbeidskvardagen driv han nesten med fleire ting han ikkje er utdanna til, enn det han faktisk er utdanna til, fortel 30-åringen spøkefullt. I løpet av dei seks åra på Misjonshøgskolen i Stavanger, fekk dei bare to timar undervisning om å preike for ungdom.

– Og dei kanskje 6-12 timane me hadde av sjelesorg-undervisning, har eg hatt mykje bruk for.

– Flaks at du møtte opp på dei!

– Heldigvis var dei obligatoriske, seier han og ler.

---

Prestemangel

  • Den norske kyrkja sette i 2018 i gang eit arbeid med å rekruttere fleire til arbeid i kyrkja. Nye tal vista då at Norge kunne mangle 200 prestar innan 2024.
  • I januar 2021 sto 96 prestestillingar ledige.
  • Bispedømene som slit mest, er Nord-Hålogaland, Sør-Hålogaland og Nidaros.
  • Også Stavanger og Agder og Telemark bispedømer, som historisk har hatt god rekruttering, merkar at søknadsbunkene blir mindre.

---

– Ei tyngdekraft-lov

«Bibelbeltet», særskilt sør- og sørvestlandet, har lenge vore skåna for dei største utfordringane med å rekruttere prestar. No merkar dei også nedgangen på bispedømmekontoret i Agder og Telemark.

– Det er ein jamn tendens me ser, og følger tett: Det er stadig vanskelegare å rekruttere, og det merkes på stort sett alle stillingar, seier personalsjef Bjarne Nordhagen.

Eit teikn dei ser, er at dei må utlyse fleire stillingar fleire gonger. Søkarlistene er også mykje kortare enn før. At det er prestejobbane med fokus på ungdom nedgangen går hardast ut over, overraskar ikkje personalsjefen.

– Det blir ei slags tyngdekraft-lov. Sjølv i tidene kor det var god tilgang på folk, var det alltid nokre stillingar som var mindre attraktive enn andre. Ofte gjaldt det stillingane ein gjekk inn i som nyutdanna, spesielt ungdomsprest- og kapellanstillingar.

– Når me no har færre søkarar, er det ein lovmessig samanheng at det går hardast ut over desse stillingane, seier Nordhagen.

Simon Wallem Dahl

Løysinga? Livskraftige ungdomsmiljø

Personalsjefen er glad for at mange no kjem til presteyrket som «andrekarriere». Men denne typen nye prestar er ofte godt vaksne, og søker ofte ikkje på stillingane som ungdomsprest. Det er med på å forsterke utfordringa, ifølge Nordhagen.

– Ofte kjem ungdomsprest-stillingar på toppen av grunnbemanninga. Når ein ikkje klarar å fylle dei vanlege sokneprest- eller kapellanstillingane heller, så blir desse ofte dessverre til overs.

– Er de uroa for nedgangen?

– Den skapar absolutt bekymring. Men eg opplever at dei siste åras aktive, positive og offensive satsing på rekruttering sentralt har skapt ein giv som alle ønsker å koble seg på.

No må alle bispedøme bygge opp om dette lokalt – på kort og lang sikt – trur Nordhagen.

– Å satse på livskraftige ungdomsmiljø trur me blir ei viktig løysing for å bøte på denne krisa på lang sikt. Mykje av den gode rekrutteringa for 30-40 år sidan skjedde i ei tid då dei fleste kyrkjelydane hadde gode ungdomsarbeid, og slik sett hadde ein marknad for rekruttering som me ikkje har i dag.

– Her er me inne i ein vond spiral, som me må bryte, seier personalsjef en i Agder og Telemark.

Simon Wallem Dahl

For komplekse stillingar

Arbeidsforhold er ei viktig brikke for å få preste-puslespelet til å gå opp, trur Nordhagen. Dei som vurderer å bli ungdomsprestar må oppleve at kyrkja satsar på dei.

Det er ungdomspresten på Lura einig i. Sjølv om det er ei fagleg fordjuping i stillinga, kallar Wallem Dahl jobben for «ei blanding av å vere støttekontakt, prest og vaktmeister».

– Mitt inntrykk er at ein del av ungdomsstillingane er litt for komplekse. Mange er delt på fleire kyrkjelydar, som etter mi meining sjeldan er ein god idé. Eg trur det kunne vore rekrutterande om fleire av stillingane var hakket meir spissa, seier han.

For ein person som er glad i å ta initiativ, er ungdomsprest-jobben perfekt, seier Lura-presten. Frå hausten skal dei gjere om heile konfirmantarbeidet.

– Som sokneprest er det mange skal-ting og bør-ting. Du bør forholde deg til tekstrekkene, og halde så og så mange gravferder. Det er det lite av som ungdomsprest. Men dette er fantastisk viss du likar å påvirke.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion