Ein talsperson for Facebook bekreftar til Religion News Service (RNS) at dei er i ferd med å teste ein ny funksjon, der gruppeadministratorar kan gje medlemmane tilgang til å publisere eigne bøneinnlegg der ein spør om forbøn.
Andre medlemmar kan så trykke på ein knapp for å la innleggsforfattaren vita at dei har bedd for vedkomande eller bøneemnet deira. Ein kan også velje å kommentere innlegget, velje ein reaksjon eller sende ei privat melding.
[ Kombinerer TikTok, musikk og religion: – Det å være kristen betyr ikke å være feilfri ]
Facebook har funne ut at truande er ein stor del av brukarane deira, og koronapandemien har ført til mykje av tenestene deira, også blant truande.
– Visjonen vår om å gje personar høve til å bygge fellesskap omfattar også verdas største fellesskap; trusfellesskapet.
Det seier Nona Jones, leiar for globale truspartnerskap hjå Facebook til RNS.
Ny rekord i påska
Ho er sjølv pastor for ei lokal kyrkje saman med ektemannen sin, og seier det siste året med pandemi har vore vanskeleg for truande og for trussamfunn. Derfor har dei leita etter verktøy som kan bidra i desse miljøa.
Facebook meldte at i dei i fjor under påska registrerte flest gruppevideosamtaler på meldingstenesta deira, Messenger, nokosinne. Det var også den veka dei såg flest direktesendingar frå åndelege facebooksider.
Utvalt gruppe testar
Den nye bønefunksjonen blir foreløpig testa ut av eit utval menneske i USA, ifylgje Facebook. Det er ukjent kva kriterium som skal til for å bli plukka ut til å teste den nye tenesta.
Men Robert P. Jones, Direktør for Public Religion Research Institute, oppfyller dei tydelegvis. Han fekk opp ein ukjent beskjed på Facebook, og la han ut på Twitter:
So I just had this “Introducing Prayer Posts” pop up as a new fb feature on my profile. Anyone else seeing this? Wondering what fb algorithm thinks it knows about me? pic.twitter.com/TnP1reKDGR
— Robert P. Jones (@robertpjones) April 14, 2021
Han spør spøkande om kva Facebook-algoritmane veit om han, sidan dei har plukka han ut til å teste funksjonen.
[ Kristen politikar twitra bibelvers — sikta for hatprat mot homofile ]
Facebook utforskar også andre nye verktøy for å støtte åndelege fellesskap og truande, inkludert ei kampanje kalla #MonthForGood under den muslimske høgtida ramadan, skriv Facebook sin talsperson til PRS.