Religion

No kjem Bibelen som podkast

PÅ ØYRET: Bibelen endra Daniel Sæbjørnsens liv. No har han lese inn heile Det nye testamente som podkast, slik at folk gratis og enkelt skal kunne høyre på Guds ord.

– Eg gjekk gjennom ein periode med mykje angst. Livet var ikkje slik eg trudde det skulle bli. Eg las eit vers frå Jesaja 43.1: «Ver ikkje redd! For eg har løyst deg ut, eg har kalla deg ved namn, du er min». Det trefte meg midt i magen, og det markerte slutten på ei veldig krevjande reise i mitt liv. Dette og fleire andre opplevingar har gjort meg veldig entusiastisk for Bibelen og kva den kan bety for folk, seier Daniel Sæbjørnsen, kommunikator i den kristne medieorganisasjonen Tro & Medier.

Kva er vel kulare enn å høyre på Salomos høgsong når du pumpar jern?

—  Daniel Sæbjørnsen

Engasjementet for at fleire skal oppdage det same, gjorde at han kom med ideen om å gjera Bibelen til podkast. Han var også lei av at han berre kunne få andre sine tankar rundt Bibelen, men ikkje sjølve kjelda på øyret. Visst finst Bibelen som lydbok, men det blir ikkje like tilgjengeleg, meiner Sæbjørnsen. I alle fall ikkje for hans hovudmålgruppe.

– Det er få unge som abonnerer på Storytel. Men på Spotify, der er dei.

Difor blir Tro & Medier-podkasten, som rett og slett heiter Bibelen på podkast, tilgjengeleg på fleire plattformer tysdag 4. mai. Det skal vera ein reindyrka bibelpodkast, utan kommentarar eller liknande. Berre opplesing av bibeltekstar, eitt kapittel per episode.

Under eit laken

Og det er Sæbjørnsen sjølv har lese det inn, under eit laken i kjellarstova si. Foreløpig er det berre Det nye testamente som ligg klart, og Sæbjørnsen brukte eit par veker på det.

– Det var berre 260 kapittel. På sikt håpar me å også lesa inn Det gamle testamente, men det er over 900 kapittel, så det krev at me finn tid til det.

Håpet er at podkasten skal gjera det mogeleg å høyre på Bibelen medan ein går på fjelltur eller sit på bussen.

– Kva er vel kulare enn å høyre på Salomos høgsong når du pumpar jern? spør Sæbjørnsen.

Daniel Sæbjørnsen i Tro og Medier står bak Bibelen som podkast

Nytt fenomen å lesa sjølv

Og fleire merkar ei interesse for Bibelen i lydformat. KABB – Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte, har gitt ut Bibelselskapet si 2011-omsetjing som lydbok, og i 2019 meldte dei at det var deira avgjorde bestseljar.

Det trur generalsekretær i Bibelselskapet, Paul Erik Wirgenes, har ei heilt naturleg forklaring.

– Bibelen er meint å bli lest høgt frå. Paulus oppmodar kyrkjelydane til å lesa det han har skrive for andre. Og i dei fyrste 1800 åra i Bibelen si historie var den vanlegaste måten å møte Bibelen på å få den lest for seg. Det er berre dei siste 150-200 åra at Bibelen har vore tilgjengeleg og billig nok til at den truande kan lesa den sjølv.

.

Han trur Bibelen i lydformat kan nå både nye menneske og folk som vanlegvis les i boka sjølve.

– Når ein brukar andre sansar får ein ofte ei anna oppleving av det du les eller høyrer. Difor kan det vera verdifullt også for den som er vane med å lesa sjølve å høyre Bibelen bli opplesen.

Sjølve har dei dagens bibelvers på sine nettsider både i tekst og som små podkast-snuttar, og mange vel å høyre på bibelorda.

---

Bibelen på podkast

  • Podkast utgjeven av Tro & Medier.
  • Premiere tysdag 4. mai 2021.
  • Kvar episode er eitt kapittel i Det nye testamente lese høgt.
  • Gratis tilgjengeleg på fleire podkast-plattformer.

---

Bergensk for austlendingar

Medan dei i KABB har hyra inn erfarne skodespelarar og innlesarar har som sagt Sæbjørnsen i Tro & Media gjort jobben sjølv. Det var fyrst og fremst fordi dei ville at tekstane i seg sjølv skulle vera i fokus, ikkje persongalleriet bak.

Men det var ikkje ein heilt enkel jobb. Spesielt Sæbjørnsens utprega bergensdialekt blei diskutert.

– Me sende ut to versjonar til testing, ein med min vanlege dialekt, og ein «penere», meir nedslipt variant. Då fekk me ganske klar beskjed om å gå for den siste viss austlendingar skulle henge med.

Han håpar mange, både enkeltpersonar, kyrkjelydar eller andre grupper vil få nytte av podkasten. Og om den ikkje skulle få rekordmange avspelingar i det den blir lansert har han likevel håp.

– Bibelen har vist seg å vera evig aktuell, og den skal få lov å bli liggande ute, så på sikt har eg stor tru på at det vil den av podkastane våre som blir mest lytta til.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion