For Tom Victor Gausdal må to ting til i påska. Tradisjonell lammesteik er ikkje ein av dei

PÅSKEMÅLTID: Meisterkokkens optimale «påskemat» vil nok overraske mange. Også trua hans på påskens bodskap er ei sjeldan råvare i kokke-Norge.

Religion

Bransjen til Tom Victor Gausdal er i kneståande. Som kokk i hovudstaden har det siste årets nedstengingar gått inn på han. Håplause, makteslause og mangel på fridom er kjensler han har vore innom, meir enn éin gong.

– For å vere ærleg, har det siste året vore heilt grusomt. Skikkeleg grusomt, fortel den tidlegare sølvvinnaren av kokke-VM, Bocuse d’Or.

Borda på restaurantane hans står tomme. Skatehallen er stengd. Når han går forbi symjehallen, kor han pleier gå med barna, stikk det i magen. Men noko av det verste, er kyrkjas låste dør.

Tom Victor Gausdal

– Iblant pleier eg å gå ned i den åpne kyrkja, og synest det er fint å vere der litt åleine. Men når til og med den er stengd... Då er det ganske uhyggeleg.

Men tankane går fort til dei som har det verre. Gausdal har trass alt kona og dei tre barna, og ei verksemd som ser ut til å gå i null. Rundt seg har han kollegar som har trengt krisehjelp, og oppvaskarar og lærlingar som har gitt opp.

– Kreftene til å kome ut av mørkret får eg jo der oppe ifrå, seier kokken.

Snart ventar ei høgtid med lågare skuldrer og saktelaga mat. Påska minner Gausdal på kva som er kjernen i livet.

Tom Victor Gausdal

Matglede 24/7

Sjølv om han har blitt sett ordentleg på prøve det siste året, søv Tom Victor Gausdal godt kvar natt. Kanskje det er fordi han ber? spør han seg, og ser plutseleg samanhengen. Han faldar jo alltid hendene før han legg seg. Nokre gonger rekker han ikkje å be ferdig ein gong, før auga lukkar seg og pusten blir tung. Då tar han resten på t-banen til jobb.

Også på jorda – nærmare bestemt kjøkkenet – finn meisterkokken tryggleik, motivasjon og glede. Heilt sidan han fekk sitje på benken og sjå på mora kokkelere, har mat og matlaging vore «eit av livets høgdepunkt». Når Gausdal omsider får fri, som i påska, er det på ingen måte av med forkleet. Snarare tvert imot.

– Kona blir litt gærn på meg. Når me er på ferie er mitt første spørsmål, så fort me er ferdige med eit måltid: Kor skal me spise i morgon? Kva skal me lage neste gong?

– I påska står eg gjerne timevis og langtidskokar mat.

Tom Victor Gausdal

Det er få ting som er heilage for Gausdal når det kjem til rettar og matstilar. Tradisjonar kan så å seie alltid brytast, om det er til det beste for smaken. «Tradisjon» er heller ikkje stikkordet når kokken fortel kva som er hans optimale påskemat.

– Kaker! seier han entusiastisk.

Påskemeny à la Gausdal

– Kaker er livets X-faktor. Saltmat må ein jo ha. Men kaker... Dei er laga på overskot og til kos.

Gausdal ler når han tenker på tilbakemeldingane han av og til får på familiens kakebaking. «Kven et alle dei?» spør folk.

– Det er me. Me er veldig glade i kaker, og dei forsvinn alltid. Om familien ein sjeldan gong skulle ha ei kvart kake igjen, går den til naboen.

Kokken har få andre mattradisjonar som til for at det skal bli påske. Dei er ikkje ein lammesteik-og-poteter type familie. Påskelammet blir i ei anna form i år.

– Då brukar eg gjerne heller bog eller ribbe, steiker det slik at det blir mørt, og serverer det meir som ein taco, med heimelaga pitabrød og digge sausar og salsaar.

---

Tom Victor Gausdal

  • Kokk frå Nøtterøy, 45 år gammal.
  • Vann Bocuse d’Or – «kokke-VM» i 2005.
  • Er med på å drive restaurantgruppa Lava i Oslo. Dei står mellom anna bak Smalhans, Katla, Strand og The Golden Chimp.
  • Har gitt ut fleire anerkjente kokebøker, som Kokkelære og Familiekokeboka.

---

Sans og samling

Gausdal brukar sansane sine aktivt. Som kokk luktar han på putrande gryter, smakar til sausar med salt og danderer apetittvekkande tallerkar. Trua får han også bekrefta med sanselege inntrykk. Viss han kjenner eit spor av tvil på Gud, ser han berre på ungane sine.

– Sjå korleis dei tenker, og sjå på øyrene og nasane og tæra, alle funksjonane, korleis dei sansar. Det er heilt rått.

Når folk seier at dei «trur på mennesket», stussar Gausdal litt.

Tom Victor Gausdal

– Eg har heilt ærleg ikkje så tru på mennesket. Ja, eg kan bli imponert over å sjå ein fancy bygning, men det er ingenting som slår skaparverket. Då held det ikkje med ein sjølvkøyrande bil heller.

Skaparverket, i form av kroppen vår, er «eit tempel», seier kokken, med referanse til korinterbrevet. Sjølv om me er avhengige av næring for å drifte tempelet, opplever Gausdal at mat kan vere så mykje meir.

For han er mat ei kjelde til historie og kultur og kjemi og språk. Ikkje minst gir maten glede og samhald. Gausdal gler seg til kvart einaste måltid – kvar einaste dag.

– Så fort det er mat rundt eit bord, skapar det ei eiga stemning. Å dele mat er veldig samlande. Alle sit liksom midt oppi det som skjer, og deler betraktningar og inntrykk om det dei opplever.

Då kokken reiste verda rundt med TV2s Fredrig Græsvik og konseptet «Til bords med fienden», fekk han sjå verdien av eit måltid på sitt ytterste. I programmet samla dei ytterpunkt, politikarar med geriljaleiarar, over eit bord med mat. Om enn konstruert, var effekten tydeleg: Rundt eit måltid oppstår det respekt – både for maten og for den andre.

Trygg i trua

Det er nok ikkje så mange kokkar som jobbar service til langt uti laurdagsnatta og drar på gudsteneste på sundag klokka 11. Sjølv om Gausdal «ikkje spør alle», har han inntrykk av at det er få kristne i bransjen hans.

– Når eg fortel om trua mi til kollegar, blir det alltid tatt imot positivt. Eg likar når folk er nysgjerrige, og dei virkar å like å høyre om det, sjølv om det er framand for mange, seier Gausdal.

At han ber til Gud kvar dag, nærmast imponerer og overraskar dei. Gausdal er ikkje i tvil om at trua gjer livet hans betre, og trur at ei avslappa formidling til dei rundt han ofte landar godt.

– Har me kristne sjølv litt skuld i å vere «feige» i å ikkje fortelje om trua vår? At me undervurderer andre?

– Heilt klart. Så lenge du visar tryggleik, og er audmjuk om di eiga overtyding, så er det sjeldan noko problem. Snarare motsett. Men ein er kanskje redd for å bli sett i bås, basert på inntrykka folk kan ha av kristne når dei ikkje kjenner til så mange.

Tom Victor Gausdal

– Men då har vel kristne eit ansvar for å rette på det inntrykket når ein får høve?

– Ja, eg trur mange trygt kunne ha turt å teste det. Det er litt synd at ikkje fleire veit korleis trua kan fungere, for det er så mange forskjellige måtar å leve som kristen på.

Passande nok bruker han to matbilder for å illustrere: Trua di kan vere som eit lite riskorn. Og du kan ta deg ei øl om du vil.

– Det er lov å tvile og det er lov å feile. Tru er tru.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion