Håpar ikkje fellessong i kyrkjer og bedehus forsvinn
MUSIKK: Allsong i kristne forsamlingar har på nytt fått fokus som kjelde til smitteutbrot. Professor i musikk håpar at fellessong i kristne samanhengar ikkje er ein dimensjon som forsvinn, men at folk etter kvart tør å synge saman att.
KRISTEN TRADISJON: Professor i musikk, Anne Haugland Balsnes, håpar fellessongens posisjon i kristne forsamlingar ikkje blir svekka på sikt på grunn av frykta for smitte. Her øver Safari gospel i Bjølsen misjonskirke før korona sette ein stoppar for den slags.
Dorthe Karlsen
– Me har ikkje berre mista fellesskapet under korona, men også lyden av fellesskap, seier professor i musikk ved Ansgar Høyskole og Universitetet i Agder, Anne Haugland Balsnes.
Ho håpar fellessongens posisjon i kristne forsamlingar ikkje blir svekka på sikt på grunn av frykta for smitte. Til no har mange måtte finne seg alternative måtar å nytte song på gudstenester og møte.
– Me har forsamlingar som stort sett har praktisert solosong på forsamlingar i vinter, fortel informasjonsleiar i Norsk Luthers Misjonssamband (NLM), Espen Ottosen.
Bestill abonnement her
KJØP