Religion

Håpar ikkje fellessong i kyrkjer og bedehus forsvinn

MUSIKK: Allsong i kristne forsamlingar har på nytt fått fokus som kjelde til smitteutbrot. Professor i musikk håpar at fellessong i kristne samanhengar ikkje er ein dimensjon som forsvinn, men at folk etter kvart tør å synge saman att.

– Me har ikkje berre mista fellesskapet under korona, men også lyden av fellesskap, seier professor i musikk ved Ansgar Høyskole og Universitetet i Agder, Anne Haugland Balsnes.

Ho håpar fellessongens posisjon i kristne forsamlingar ikkje blir svekka på sikt på grunn av frykta for smitte. Til no har mange måtte finne seg alternative måtar å nytte song på gudstenester og møte.

– Me har forsamlingar som stort sett har praktisert solosong på forsamlingar i vinter, fortel informasjonsleiar i Norsk Luthers Misjonssamband (NLM), Espen Ottosen.

Torsdag 27. mai 2010: Korøvelse med koret Belcanto som øver til forestillingenSanger om Søgne.Dirigent Anne Haugland Balsnes (på bildet) som har doktorgrad på"Å lære i kor - Belcanto som praksisfellesskap", der hun analyserer det indre liv i korbevegelsen. kor *** Local Caption ***

Ein av dei tristaste tinga under pandemien er at me ikkje har kunne møtast for å synge saman.

—  Anne Haugland Balsnes, professor i musikk.

Bedehussmitte

På sundag meldte NRK at allsong på bedehus blir peika på som ei av årsakene til smitteutbrot utanfor Bergen. Midt i mars var over 30 personar smitta og 650 sat i karantene etter samlingar på Saron og Kleppe bedehus i Askøy kommune.

– Song er ein høgrisikosport, uttalte smittevernoverlege Egil Bovim til NRK.

Vårt Land skriv om korleis personar i tilknyting til bedehusa blei netthetsa etterpå, og styreleiar i NLM-forsamlinga som heldt til i Kleppe bedehus fortalde om meldingar der avsendar sa dei skulle brenne i helvete.

Ottosen påpeikar at Askøy og omland var eit område med lite smittetrykk før det nemnde utbrotet, noko som gjorde at Noregs Kristne Råd sine tilrådingar var ein meter avstand under fellessong, i motsetnad til i område med høg smitte, der to meter var tilrådinga. Han seier likevel at dei i lengre tid i NLM har vore klare over at fellessong kan føre til større smitterisiko.

– Me er ikkje smittevernekspertar og me må fylgje dei råda som kjem. Førre veke gav me tydelege signal om at me ikkje tilrår innandørs arrangement, seier Ottosen.

Espen Ottosen

– Me treng fellessongen

Smittevernekspertar har åtvara om at smitteverntiltak kan vera naudsynte i lang tid, kanskje årevis framover. Kan dette på sikt påverke songens sterke posisjon i kristne samanhengar? Musikkprofessor Balsnes vil ikkje synse, men håpar inderleg at det ikkje er tilfelle.

– Eg håpar at me tørr å synge saman att etter korona og at det ikkje er ein dimensjon som forsvinn. Me treng fellessongen, seier Balsnes.

Ho meiner fellessongen er den delen av gudstenesta som har lidd mest under pandemien, og er klar på at å synge aleine framom ein skjerm ikkje gjer same nytten som å synge saman med ei forsamling.

– Det blir ei heilt anna oppleving. Allsong er det lydlege uttrykket for fellesskapet, og det er veldig annleis enn å berre høyre si eiga stemme saman med forsongarar.

Balsnes har gjennom musikkundervisning prøvd å få til songøvingar digitalt, men ho seier forseinkingar gjer det umogeleg å synge saman.

Illustrasjoner til den nye nettressursen "Sammen i sang".

Trist

– Ein av dei tristaste tinga under pandemien er at me ikkje har kunne møtast for å synge saman. Det er ei oppleving me rett og slett har mista. Eg håpar at folk vil ta i bruk att fellessongen etter at det er trygt.

Dette er Ottosen i NLM hjartans einig i.

– Me får tole ein periode fram mot sommaren der me må vera forsiktige, men eg håpar at me i løpet av nokre månadar er i ein situasjon der det er forsvarleg å ha fellessong.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion