Slik skal dei få folk til å velje gravferd i kyrkja
KYRKJERÅDET: Byråa er i ferd med å kuppe ein større del av gravferdene i Norge. No vil kyrkja bremse den komande nedgangen: – Me kan framstå dyre og vanskelege, seier studentprest.
VARSKU: Gravferder har vore den handlinga i kyrkja som har halde seg stabil, trass nedgangen i dåp og vigslar. No kan også dette vere i verd med å snu.
Hommedal, Marit
I gravferdene møter Den norske kyrkja det breiaste laget av folk. Ein veit ikkje nøyaktig kor mange som deltar i løpet av eit år, men til forskjell frå stadig færre for dåpar og vigslar, har talet for gravferder vore ganske stabilt. Men no går også gravferdstala nedover fleire plassar i Norge.
Kvifor? Gravferdsbyråa får noko av skulda. Dei tilbyr skreddarsydde pakkar med eigne seremoniar, som fleire no nyttar seg av.
– No som me ser at tala er i endring, er det viktig at me er tidlege på ballen, seier kyrkjerådsmedlem og prest Kjersti Gautestad Norheim.
Bestill abonnement her
KJØP