Kyrkjerådet vil ha digital forhåndsstemming ved kyrkjeval. Bønnelista fryktar ei kyrkje styrt av dei som ikkje brukar ho

DIGITALT VAL: Kyrkjerådet håpar ein vil kunne førehandsstemme digitalt ved kyrkjevalet i 2023. Det vil legge opp til at dei heilt uinteresserte kan velge leiinga i kyrkja, meiner Bønnelista. – Eg rangerer aldri medlemmane, seier kyrkjerådsleiaren.

Kirkevalg på Oslo Katedralskole katta valg 2015
HÅPAR FLEIRE VIL STEMME: Ved førre kyrkjeval stemte 12,7 prosent av Den norske kyrkjas medlemmar. Kyrkjerådet håpar digital førehandsstemming kan auke valdetakinga.
Publisert Sist oppdatert

– Me er redde for at digital førehandsstemming legg til rette for at dei som aldri er i kyrkja stemmer. Det minste ein må kunne vente av dei som vil stemmer er at dei skal kunne møte opp i kyrkja ein gong kvart fjerde år, seier Jo Hedberg, leiar i den kyrkjepolitiske grupperinga Bønnelista.

Leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum ser annleis på det.

– Me har eit kyrkjemøtevedtak som seier at stemmerett for alle døypte medlemmar over 15 år er eit viktig kjenneteikn ved Den norske kyrkja som ei demokratisk folkekyrkje, og at me skal jobbe for at flest mogeleg deltek i kyrkjevalet. Då gjer me det. Eit breitt engasjement rundt kyrkjevalet er ein god ting, seier Raaum.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP