Han er imot kvinnelege prestar. Likevel går han i kyrkja til Marthe
DIALOG: Å leve i Den norske kyrkja er å balansere mellom prinsipp og pragmatikk, meiner teolog Knut Alfsvåg og prest Marthe Østerud Primstad. Sjølv om professoren ikkje vil legge frå seg spørsmålet om kvinner i presteteneste, tar han gjerne imot nattverd frå sin tidlegare student.
TAKHØGD: At Knut Alfsvåg fortsatt har Kampen menighet i Stavanger som kyrkja si «vil vel nokon synast at er inkonsekvent», vedgår han. – Men me lever med fleire inkonsekvensar i kyrkja, seier Alfsvåg.
Ruth Einervoll Nilsen
Som så mange gonger før, tar VID-professor Knut Alfsvåg plass i benkerada i Kampen kirke i Stavanger. Dette er kyrkjelyden han er døypt i, konfirmert i, ordinert i, gift i og går fast i.
– Det er Kampen som er heim, seier Alfsvåg, som har vore misjonær i Japan i fleire år.
I fleire år sto professoren framfor Marthe Kristine Østerud Primstad i førelesingssalen på VID Vitenskapelig høgskole i Stavanger, og underviste i systematisk teologi. No har dei byta plass. På sundagane er det sokneprest Primstad som preiker for Alfsvåg.
Bestill abonnement her
KJØP