– Eg trur me skal vere forsiktige med å bli for ovanfråstyrte i Den norske kyrkja

FORSKING: Å jobbe i lag med lokalmiljøet er ikkje ei lovpålagt oppgåve for prestar. Men eit nytt studium trur dette er nøkkelen til å styrke Den norske kyrkja i framtida.

Den norske kirke er sterkt opptatt av å motivere til dåp, at kirkens medlemmer døper barna sine og lar dem delta i kirkens trosopplæring. På bildet er soknerest Silje Kivle Andreassen i Holmlia kirke i Oslo.
RETTE STADEN: Holmlia-prest Silje Kivle Andreassen er lideneskapleg opptatt av lokalmiljøet i drabantbyen ho jobbar i. Det er blant grunnane til at ho og Kjersti Gautestad Norheim har forska på kva ein plass har å bety for ei kyrkje.
Publisert Sist oppdatert

I kvar kyrkjelyd dei har jobba, har dei vore ulike slags prestar. Ein lokal kultur preger kva ein prioriterer, og korleis ein møter folk, konkluderer eit nytt studium.

– Den norske kyrkja er eigentleg ei samling av kyrkja på Nesttun og på Holmlia og der du bur. Me treng noko overordna som held oss saman, men eg er uroa for om ei for tydeleg «branding» av kyrkja kan gå på bekostning av det lokale særpreget. Folk må kunne kjenne seg att i kyrkja, seier Kjersti Gautestad Norheim.

Til vanleg er ho sokneprest i Birkeland i Bergen, men det siste året har ho og Holmlia-prest Silje Kivle Andreassen studert to kyrkjelydar i tettbygde strøk nøye. Saman fekk dei Olavsstipendet for å forske på dei anonymiserte kyrkjene, som er valde fordi dei har lukkast i å samarbeide med lokalsamfunnet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP