Religion

Meiner kyrkja «abdiserer» for tidleg: – Når medlemstala går ned, bør me heller brette opp ermene

SELVBILDE: Mangel på sjølvtillit og pågangsmot preger måten Den norske kyrkja framstiller seg sjølv på, meiner delegatar på Kyrkjemøtet. DNKs nye strategi må ikkje overdrive pessimismen, synest dei.

«Det som er sikkert er at Den norske kirke mister noe av den hegemoniske posisjonen den har hatt».

Denne dystre diagnosen er henta frå innleiinga til Den norske kyrkja (DNK) sin nye strategi. Då den blei lagt fram som sak for DNKs «Storting», Kyrkjemøtet, i haust, lista papira opp fleire av kyrkjas utfordringar fram mot 2030:

  • Lågare medlemsandel.
  • Auka sekularisering og religiøs pluralisering i samfunnet.
  • Mindre hegemonisk posisjon.

Utkastet til DNKs nye strategi har nettopp vore på høyring i kyrkjelydar og organisasjonar. I innleiinga står det at medlemstalet kan synke med ti prosent det neste tiåret.

Det var slike formuleringar som fekk fleire til å gå på talarstolen på Kyrkjemøtet.

Fortsatt på trona

Ein av dei som reagerte på «nedsnakkinga» av kyrkja, var Thor Magne Seland frå Stavanger bispedømmeråd. Han erkjenner at ein skal ta innover seg verkelegheita, men:

– Likevel er det ingen grunn til å abdisere, og gå av trona sjølv. Andre kan godt ville degradere kyrkja, men me treng ikkje hjelpe dei på vegen, seier han.

Seland meiner Den norske kyrkjas manglande pågangsmot er å sjå bort frå kyrkjas kjerne.

– Me har ei klar melding frå Jesus om å fortelje så mange som mogleg om bodskapen vår. Peter hadde vel større grunn til å sjå det som utfordrande enn DNK har?

Kirkemøtet 2020, fredag.

Delegaten meiner det er gode grunnar til at DNK fortsatt skal kunne romme breitt i Norge. Og den posisjonen har ho, med «betryggande god margin», i god tid framover.

– Det er ingen trussamfunn som er i nærleiken av våre medlemstal. Og det står ikkje i fare i denne tiårsperioden heller, seier Seland.

---

Strategi for DNK 2022-2025

  • «Mer himmel på jord» blei vedtatt av Kyrkjemøtet 2018. Strategien gjeld for perioden 2019-2021.
  • Utkastet til ny strategi har nyleg vore på høyring, hos mellom andre kyrkjelydar og organisasjonar. Etterpå skal Kyrkjerådet behandle saka.
  • Strategien skal reviderast på Kyrkjemøtet 2021, og vedtas for perioden 2022-2025.

---

Organisasjon utan sjølvtillit

– Når me ser medlemstala gå ned i Den norske kyrkja, burde det heller bli verdas beste grunn til å brette opp ermene, og stå på for å ikkje miste posisjonen. Me har jo verdas beste bodskap, og det blir allereie gjort så mykje godt arbeid lokalt, seier representanten frå Stavanger.

Bispemøtet i Den norske kirke

Etter han gjekk biskop Atle Sommerfeldt frå Borg på talarstolen på Kyrkjemøtet med same bodskap. Den står han fortsatt for.

– Eg kjenner ikkje til nokon annan organisasjon, med så stor oppslutning, som så ofte avsluttar sine gode resultat med eit «men». «15 prosent går i kyrkja på julafta, men dei kjem ikkje resten av året», for eksempel.

Peiker på ukultur

Borg-biskopen meiner dette handlar om ein kultur som har fått feste seg. Kyrkja har akseptert dei kritiske synspunkta, både utanfrå og innanfrå, som dei mest ‘demokratiske og gyldige’.

– Det er nok av krefter i Norge som vil snakke ned kyrkjas og truas tyding. Når kyrkja no skal jobbe fram ein strategi, må me heller vende blikket mot kva me faktisk får til, og kva moglegheiter me faktisk har, seier Sommerfeldt.

Biskopen peiker på at nedgangen i oppslutning trass alt er «relativt marginal». Kyrkja skal jobbe for å stoppe synkande tal for dåp og gudsteneste, men:

– Me må tørre å framstå med den storleiken me har og innhaldet me står for. DNK si rolle i lokalsamfunna er ekstremt viktig. Der har me potensiale, og er gode allereie – på å skape gode møteplassar, og ledsage folk i sorg og glede.

Både Borg-biskopen og Thor Magne Seland trur det er eit stort potensiale i dei «lunka» medlemmene i Den norske kyrkja. Heller enn at desse forsvinn eller tar avstand, må kyrkjas nye strategi vere ekstra målretta mot dei, meiner begge.

– Me må jobbe for å senke lista for å søke fellesskapet vårt, og understreke at alle, frå ytterst konservativ til ytterst liberal, høyrer til i kyrkjefamilien, seier Seland.

KM fredag

Kyrkjerådsleiaren: – Me må ikkje sove i timen

– Er det grunn til å vere pessimistisk på vegne av Den norske kyrkja?

– Nei, det er det ikkje, konstaterer Kristin Gunleiksrud Raaum, leiar i Kyrkjerådet, som førebur saker til Kyrkjemøtet og set dei ut i praksis.

– Men som leiing må me klare å både vere grunnleggande optimistiske på vegne av kyrkja, og det er eg, men samtidig sjå kor me har problem, seier ho.

Sjølv i eit samfunn som no er samansett av mange religionar og livssyn, meiner ho det er gode grunnar til at DNK fortsatt står så sterkt. Raaum vil ikkje bruke ordet «truga» om denne posisjonen, men:

– Me må ikkje sove i timen. Me veit at folks tillit og tilhøyre til kyrkja ikkje er der «ein gong for alle». Kyrkja må vere lyttande for at ho skal kunne ha den rolla me meiner ho skal ha, seier kykjerådsleiaren.

Inga «duknakka» kyrkje

Ifølge biskop Sommerfeldt er det ein kultur i DNK for at dei kritiske røstene får dominere kyrkjas sjølvbilde. Raaum synest rommet for å kritisere DNK skal vere stort, men åtvarar mot å bli for nærsynt på pessimismen.

– Me skal ikkje gå duknakka som kyrkje. Men for å ikkje bli kjepphøge, og ta posisjonen vår for gitt, må me samtidig finne eit balansepunkt. Eg har trua på at kyrkja fortsatt kjem til å ha høg oppslutning og ei viktig rolle i samfunnet. Men å sjå på moglege farer, og lytte til konstruktiv kritikk, kan ruste oss for nødvendig nytenking, seier kyrkjerådsleiaren.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion