Religion

Bergen kommune vil kjøpe opp kyrkjelege barnehagar

DEN NORSKE KYRKJA: Byrådet har mål om at fleire barnehagar skal bli kommunale. Med Akasia-barnehagane i ein krevjande økonomisk situasjon, vurderer kommunen å kjøpe barnehagane som er eigd av sokna i Bergen kyrkjelege fellesråd.

Bergen kommune og Akasia går inn i formelle forhandlingar eit oppkjøp av selskapet sine barnehagar i Bergen, skriv Bergens Tidende.

For kort tid sidan blei det kjent at Bergen kyrkjelege fellesråd (BKF) må nedbemanne med ti årsverk fordi overføringar av utbytte frå Akasia-konsernet har uteblitt. Akasia driv i alt 20 barnehagar, i tillegg til tenestar for mellom anna kyrkjebygg og gravplassar, og er eigd av sokna i BKF.

Til Bergens Tidende seier styreleiar Tor André Ljosland at eigarane aldri har tatt ut utbytte frå Akasia.

– Likevel har høg gjeldsgrad og usikre rammevilkår gjort det krevjande for oss å oppnå gode økonomiske resultat. Dette er grunnen til at me no har gått i dialog med kommunen om eit mogleg sal, seier Ljosland.

Mål: Fleire kommunale barnehagar

Både bystyret og Akasia si generalforsamling må godkjenne saka før eit sal kan skje. I plattforma til byrådet i Bergen er det eit mål om å auke den kommunale delen barnehagar.

– Eit eventuelt kjøp av desse barnehagane vil bidra til dette målet, seier byrådsleiar Roger Valhammer til BT.

Då Vårt Land omtalte nedbemanninga i Bergen kyrkjelege fellesråd, sa Bergen-domprost Gudmund Waaler at barnehagedrift gjennom Akasia er viktig, sjølv om overskotet uteblir.

– Fellesrådet ser på barnehagedrift som eit viktig kyrkjeleg anliggande, uttalte Waaler då.

Avviser krav om tilbakebetaling

I ein tilsynsrapport frå 2019 peikte Bergen kommune på økonomiske lovbrot knytt til drifta av barnehagar i Akasia-konsernet, og kravde tilbakebetaling på 28 millionar kroner.

Direktør i Akasia AS, Jan Arthur Hammer, har fortalt Vårt Land at kommunen sitt vedtak fortsatt er objekt for ei klagesak, og at dei avviser kravet om tilbakebetaling.

– Me gav eit tilsvar etter rapporten 2019. I fjor gjorde kommunen eit vedtak i saka, som me no har klaga på – vanlegvis vil det gå vidare til fylkesmannen. Den klaga har me ikkje fått svar på, sa Hammer.

---

Akasia-konsernet

  • Oppretta i 2012, og driv tenestar innan barnehage og eigedom.
  • Eigd av sokna i Bergen kyrkjelege fellesråd (BKF).
  • Har om lag 550 tilsette.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion