Religion

Opprop frå katolikk Marion Norum Spæren: – Regjeringa diskriminerer mot trussamfunn

KORONATILTAK: I eit opprop blir regjeringa kritisert for at koronatiltaka går utover truspraksis. Initiativtagar Marion Norum Spæren meiner trussamfunna ber ein altfor stor del av tiltaksbyrda.

Måndag la regjeringa fram justeringar i nye koronatiltak som trer i kraft frå og med onsdag 20. januar. Det blir blant anna opna for heimebesøk og at private innandørs arrangement kan ha opp til 10 personar, gitt at ein evnar å halde avstand. Gravferder er unntatte, og kan ha opp til 50 menneske samla.

Marion Norum Spæren er frivillig i medieutvalet i Norges Unge Katolikker, og er initiativtakar bak oppropet. Per onsdag ettermiddag hadde oppropet fått 105 underskrifter. Ho opplever at trussamfunn gjennom heile pandemien er blitt offer for diskriminering og at dei ber ein altfor stor del av tiltaksbyrda.

Kyrkja ho går i er i praksis stengd, og har vore det i snart eitt år. Det går utover trusutøvinga.

– Medan skular, bussar og kjøpesenter er fulle av folk, blir vi religiøse nekta å vere fleire enn ti personar samla innandørs. Det sjølv om vi praktiserer omsyn til smittevernreglar som avstand, hygiene og munnbind. Gjennom heile pandemien føler eg at trussamfunna blir oversett, seier Marion Norum Spæren.

Marion Norum Spæren har laga eit opprop for å rette merksemd mot det ho opplever er urettferdige koronatiltak for trussamfunn. Ho er knytt Norges Unge Katolikker (NUK).

Kaldt med gudstenester utandørs

Kyrkjene har på lik line med andre private arrangement, vore nøydde til å avgrense mengda menneske samla innandørs. Når det berre er plass til ti folk på ei gudsteneste, er det ikkje ofte ein får plass, fortel Spæren.

Ho har vore nøydd til å gå til gudstenester utandørs.

– Det er veldig kaldt. Eg saknar verkeleg det å kunne vere inne i kyrkja, fortel ho.

Før jul fekk regjeringa massiv kritikk for «kyrkjebenkregelen» som blei innført i november. For å kunne arrangere større innandørs arrangement måtte seta i lokalet vere fastmonterte og separate, noko som gjekk kraftig utover evna til å halde gudstenester i landet. Også kyrkjerådsleiar Kristen Gunleiksrud Raaum uttrykte frustrasjon over denne regelen.

Kjell Ingolf Ropstad fortel at regjeringa har gitt Helsedirektoratet i oppdrag om å vurdere om regelen kan bli erstatta med andre krav.

Skjøner frustrasjonen

Generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros og livssynssamfunn (STL) Ingrid Rosendorf Joys har stor forståing for frustrasjonen mange kjenner på over å ikkje få lov til å besøke gudshusa sine. Ho fortel at trussamfunna generelt sett har vore utruleg lojale overfor dei retningslinene som det offentlege har skikka ut. Enkelte har vore spesielt forsiktige og har i praksis vore stengd sidan dei første tiltaka blei sette i verks i fjor vinter.

– Vi skjøner at mange er frustrert og kjenner på eit sakn. At trussamfunna blir systematisk diskriminert mot er vi ikkje einige i, men vi skjøner at mange kjenner seg oversette, fortel Joys.

Derfor er ho letta over at regjeringa no vurderer å endre på «kyrkjebenkregelen. STL sit i ei gruppe med Den norske kyrkje og Norges kristne råd for å sjå korleis dette kan bli gjort på ein betre måte. Med byrjinga på massevaksinering håpar generalsekretæren at det er teikn til lys i tunnelen.

– Det er sjeldan fri for høgtider i eit pluralistisk trus- og livssynssamfunn, og med blant anna påske og ramadan i nær framtid håper vi, som alle andre, at det snart må vere mogleg å treffast i normale omstende.

Ingrid Rosendorf Joys, St. Olavs forlag gir ut pavens miljøencyklika (Laudato Si) på nytt.

– Vi har venta lenge nok

Marion Spæren har forsøkt å spreie oppropet sitt så mykje som mogleg. Ho fortel om mange positive reaksjonar, også frå andre kristne og ikkje-kristne trussamfunn.

– Mange er einige i at vi har blitt oversette, medan andre meiner eg burde ha meir is i magen. Eg meiner vi har venta lenge nok, seier ho.

– Det har vore fleire hendingar der religiøse arrangement har ført til auka smittespreiing. Skjøner du at regjeringa og andre kan vere skeptiske til å tillate større religiøse arrangement?

– Eg skjøner uroa. Eg meiner ikkje at ein må opne for fullt, men heller forsøke å finne ein mellomting. Det er fullt mogleg å ha gudstenester kor ein held avstand og sikrar smittevern, seier ho.

Forstår at det er krevjande

Vårt Land har ønskt at Barne- og familiedepartementet, ved minister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), skal imøtegå kritikken. I ein e-post seier Ropstad at han er glad for at Helsedirektoratet har fått oppdrag i å vurdere ei erstatning til «kyrkjebenkregelen».

Han håper det vil bli mogleg med større gudstenester, og seier han har forståing for at dei gjeldande avgrensingane er utfordrande.

– Det er særleg krevjande fordi trusutøvinga er noko som for mange skjer i ramma av eit større fellesskap. Eg vil jobbe for at noko av det fyrste vi kan gjere idet vi kan opne samfunnet meir opp, er å samlast til gudsteneste, seier ministeren og KrF-leiaren.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion