Religion

På éi veke døydde ti biskopar av koronaviruset

KORONA: Gjennom den andre veka i januar mista ti biskopar i Den katolske kyrkja, livet til det dødelege covid 19-viruset.

Den sørafrikanske erkebiskopen Abel Gauza blei i 2018 utpeikt av Pave Francis som overtakar av rolla som erkebiskop i Durban i Sør-Afrika.

Søndag blei Gauza den tiande biskopen som mista livet av koronaviruset på éi veke, ifølgje den katolske nyheitsnettstaden Crux.

Gauza skulle ta over som erkebiskop etter kardinal Wilfried Napier. På Twitter uttrykker Napier sorg på vegner av det katolske miljøet i Durban, for tapet av den komande biskopen.

Fire på éin dag

Den yngste av dei som døydde i førre veke, var biskop Moses Hamungole (53) frå bispedømet i Monze, Zambia.

Éin av dagane blei spesielt ille. Onsdag 13. januar mista fire biskopar livet i samband med viruset, blant dei den pensjonerte brasilianske erkebiskopen i Rio de Janeiro og kardinal, Eusebio Oscar Scheid (88). Han døydde få dagar etter sjukehusinnlegginga.

Brasil har vore særs hardt ramma av koronaviruset og over 207.000 har mista livet. Berre USA har eit høgare tal på koronarelaterte dødsfall.

Viruset har òg råka Den katolske kyrkja i Europa. Biskopar i Skottland, Italia, Polen og Romania døydde av korona i veka som gjekk. Den eldste av biskopane som gjekk bort, vaar den italienske erkebiskopen Oscar Rizzato (91).

Pave Frans: – Gud er god

Når ein kardinal går bort, er det vanleg at paven uttrykker si medkjensle i eit telegram. I telegrammet til erkebiskopen i Rio de Janeiro, seier pave Frans at han er med dei i desse sorgfylte dagane.

Ifølgje erkebiskop Orani Joao Tempesta, trekte paven fram mottoet til den avdøde biskopen Scheid: «Gud er god».

Koronaviruset har hatt stor utbreiing i mange delar av den katolske verda og innan den katolske kyrkja. Det har ført til store innverknadar på religiøse seremoniar. Den internasjonale pastorale hjelpeorganisasjonen Aid to the Church in Need har uttrykkt at koronaviruset ikkje berre er eit «medisinsk, sosialt og økonomisk problem, men også eit pastoralt».

---

Biskopane som mista livet

Ti biskopar i Den katolske kyrkja mista livet mellom 8. og 14. januar:

  • Eusébio Scheid, Brasil.
  • Luis Adriano Piedrahíta Sandoval, Colombia.
  • Oscar Rizzato, Italia.
  • Mario Cecchini, Italia.
  • Adam Dyczkowski, Polen.
  • Florentin Crihalmean, Romania.
  • Philip Tartaglia, Skottland.
  • Cástor Oswaldo Azuaje Pérez, Venezuela.
  • Moses Hamungole, Zambia.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion