Paven har no endra kyrkjelova for å formalisere det som i mange delar av verda allereie er praksis: At kvinner kan lese frå Bibelen og fungere som kyrkjetenarar ved alteret.
Tidlegare var slike roller reservert for menn, sjølv om det vart gjort enkelte unntak.
Paven seier han har gjort endringane for å auke heideren av den viktige innsatsen til kvinnene i kyrkja.
Paven er under press for å opne for at kvinner kan bli ordinert til roller som gjer at dei kan utføre same funksjonar som prestar, mellom dei vigslar, dåp og gravferder. Førebels er dette reservert for menn.
[ Mikael Bruun: – Jeg angrer veldig på at jeg stilte i Dagsnytt 18 ]