Samtalar og god planlegging kan berge romjula

ROMJULSTID: Etter ti månader med pandemi har vi mindre å gå på denne romjula enn vanleg. For å unngå konfliktar er det lurt å ta aktive grep.

– Familieselskap er fine, men kan også vere krevjande. Så mens somme synest det er trist at det blir færre selskap, kan andre synast at det er herleg, seier sjukehusprest Jon-Erik Bråthen.
JULEFEIRING: Romjula kan bli krevende og by på konflikter. Ilustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Publisert Sist oppdatert

Julefeiring og romjulstid er ei tid for glede og hygge. For somme kan jula likevel også bli ei tid for krangling og konfliktar. Forventingane er ofte høge, og blir kanskje ikkje innfridd. For mange er ei vellukka julefeiring avhengig av korleis partnaren oppfører seg og korleis familien fungerer saman i romjula.

Jon-Erik Bråthen er leiande sjukehusprest ved Modum Bad og med i Samlivspanelet til Vårt Land. Han peiker på at dei fleste av oss i år har færre planar og færre juleselskap i kalenderen for juleferien. Mange får ikkje ha like mange heime hos seg dei som pleier. Dette kan slå ut ulikt.

– Familieselskap er fine, men kan også vere krevjande. Så mens somme synest det er trist at det blir færre selskap, kan andre synast at det er herleg, seier Bråthen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP