Ei av redningane for den aukande prestemangelen har vore at personar utan profesjonsstudiet i teologi har kunna søke om å få bli prestar likevel. «Profetvegen» har unntaket blitt kalla. Ein slik potensiell prest, viss han eller ho har «særskilte kvalifikasjoner», har då kunna bli godkjent av ei nemnd for å kunne gå ein kortare veg enn det seksårige studiet før ordinasjon. Men nyleg konkluderte eit utval med at dagens ordning har fleire problem.
Eitt av problema: Det utydelege «særlige kvalifikasjoner». For kva er eigentleg ein særskilt kvalifikasjon? Og korleis vurderer ein desse rettferdig?
For vikarprest Roar Herlof Storjord i Beiarn menighet i Nordland var det hans 30 år i frikyrkja, og mange år i lokale kyrkjelyder og på institusjon, i tillegg til nokre kristendomsfag. Hadde «profetvegen» forsvunne før hans tid, ville vegen til presteteneste truleg blitt lenger.
– Eg trur ingen av oss som søker dette unntaket ønsker oss til prestejobben utan å føle eit sterkt kall. Eg håpar eg kan gjere ein god innsats for Den norske kyrkja. Eg har lyst til å tene Gud, kyrkja og kyrkjelyden, fortel han.
---
«Profetvegen»
- Kva som kvalifiserer til å bli prest er i dag regulert i «forskrift om kvalifikasjonskrav for tilsetting som prest i Den norske kirke».
- Paragraf 6: Særlige kvalifikasjoner, også kalla «profetvegen», lyd mellom anna:
- «Vedkommende må ha personlige forutsetninger som gjør at han eller hun utvilsomt er særlig kvalifisert for å utføre prestetjeneste i Den norske kirke, og det må også foreligge et særlig kirkelig behov for vedkommendes tjeneste».
---
Me meiner at profesjonsutdanninga i teologi må vere hovudvegen til presteteneste
— Per Kristian Aschim
Meiner vegen ikkje er ‘for enkel’
– Me treng ulike typar prestar – også skarpskodde teologar. Men eg trur god bibelkunnskap og god menneskekunnskap fører oss langt i ei god presteteneste, seier Beiarn-presten, som òg har bakgrunn som bilmekanikar.
Han trur «profetveg»-kandidatane tilfører kyrkja nye verdiar, og at varierte bakgrunnar vil styrke både møtene med ulike folk, og bøte på dagens bemanningskrise.
I september blei Storjord godkjend til å fullføre vegen til ordinasjon, og biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, stilte seg bak søknaden hans. Prestemangelen er stor i Nord-Norge, men over 10 personar – prestar og kollegar – gav 58-åringen gode attestar.
– No håpar eg å kunne fullføre kallet, å bli prest, før eg må pensjonere meg, seier han.
Beiarn-presten har inntrykk av at nokre krefter i Den norske kyrkja meiner paragraf 6-unntaket, «profetvegen», har vore eit for lett løp.
– Men eg trur ikkje det er nokon prestar som blir så nøye granska som oss. Me er ikkje akkurat ungsauar, me som søker på dette løpet.
[ Kyrkja blir tømt for prestar – kan mangle 200 om fire år ]
– Skjønnsvurderinga er problematisk
Eit utval i Den norske kyrkja, som har vurdert krava som kvalifiserer til prest, har no lagt fram forslag til ei ny opptaksordning. Dei føreslår å ikkje vidareføre nemnda som godkjenner kandidatar etter desse «særskilde kvalifikasjonane». I staden blir det opp til utdanningsinstitusjonane å vurdere realkompetansen eller den faglege bakgrunnen til kandidaten.
– Me meiner at profesjonsutdanninga i teologi fortsatt må vere hovudvegen til presteteneste, seier Per Kristian Aschim, fagsjef i Presteforeningen.
Han sit også i nemnda som godkjenner potensielle prestekandidatar, og understreker at kyrkja treng fleire vegar inn – spesielt i prestemangelen ein står oppi no. Likevel meiner han at ein sterk teologisk grunnkompetanse er lurt, både for yrkesutøvaren og folka presten møtar i sjelesorg og preik.
– Det er eit gode med breidde og ulike livserfaringar. Men det er forutsett at ein har tilstrekkelege teologiske kvalifikasjonar for å utøve prestetenesta. Eit godt grunnlag å flyte på er også eit omsyn til dei som skal inn som prestar, seier Aschim.
Gjennom arbeidet i nemnda har han og ‘kollegane’ støtt på fleire utfordringar. Derfor bør dagens regelverk endrast, meiner Aschim og Presteforeningen.
– Det er problematisk å skulle vurdere ekstraordinære kvalitetar og eigenskapar hos ein kandidat, fordi det har vore ein veldig skjønnsmessig prosess. Elementet av skjønn blir uforutsigbart for søkarane og biskopane.
– Kan ein ikkje risikere å gå glipp av ressursar som kunne hjelpt i bemanningskrisa?
– Jo, det kan gjelde nokre få personar. Men viss forslaget går igjennom, vil det bli ein mykje meir føreseieleg veg for dei som søker. Då er dei sikra at studiestadene legg til rette for dei etterpå, seier Aschim.
Preses vil halde vegen åpen
– Dette handlar ikkje berre om å fylle eit hòl av ledige prestestillingar. Gjennom denne ordninga kan me òg finne menneske med formidlingsgåver, som vil berike kyrkja med sine bidrag, seier Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja.
For han og Bispemøtet handlar ikkje «profetvegen» om å finne prestar som i utgangspunktet ikkje er kvalifiserte. Tvert imot.
– Dei skal ha verkelege kvalifikasjonar det går an å vise til. Me har eit ønske om eit visst teologisk grunnlag i botn, men desse kandidatane kan ha lang erfaring med kyrkjelydsarbeid, gåver til å forkynne evangeliet og ein særskild kvalitet i måten dei møter menneske på, seier Fykse Tveit.
Forslaget om å skrote nemnda, er biskopane imot. Preses meiner ho er ein viktig møteplass mellom kyrkja og utdanningane, kor dei saman kan omsyna mellom teologisk tyngde og behovet for prestar.
– Det skal ikkje berre vere å «melde seg på». Initiativet for unntaket må i stor grad ligge hos biskopen – at vedkommande kjenner til kandidaten og behovet lokalt, og stiller seg bak søknaden deira, seier Fykse Tveit.
Kyrkja skal vere nær folk
Vegen til ordinasjon ikkje er rett-fram for Roar Herlof Storjord no. Kva som hindrar han, kjem Vårt Land tilbake til. Han er likevel overtydd om at han er på rett veg.
– Som prestevikar vil eg vere mest mogleg ute blant folk. Etter pensjonistsamlingar og kor har fleire seinare kome til kyrkja.
58-åringen er opptatt av at kyrkja skal vere til stades, og relevant, i lokalsamfunna rundt omkring.
– Den største skaren ein forkynner til, er jo folk som kjem til gravferd. Dei skal oppleve at kyrkja er oppriktig opptatt av dei, og har behov for dei. Det føler eg eit kall til.