Då prest og kyrkjerådsmedlem Kjersti Gautestad Norheim på fredag førte saka «Rekrutteringsstrategi for Den norske kirke», rynka fleire i Kyrkjerådet på nasen. Ein rapport om kyrkja sin attraktivitet som arbeidsplass, laga av konsulentselskapet PwC, var blant det som låg bak saka.
Men språket, og nokre av konklusjonane i rapporten, var framande. På det store spørsmålet: «Korleis skal DNK få nok prestar til å fylle gapet på 200 som kan vere ein realitet fire år?», gir rapporten fleire svar.
To av dei er betre «employer branding» og ei merksemd på kyrkjas utad «bilde av splittelse». Saksordførar Norheim delte fleire i rådet sine reaksjonar.
– Eg fekk eg ei uro over at kartet ikkje heilt stemmer med terrenget. Det er noko med grunnprinsippa. Eg saknar ein refleksjon over kva kyrkja er, til forskjell frå ein business, seier ho.

Professor: – Kyrkja får som fortjent
Presten og kyrkjerådsmedlemmet vil gjerne prise arbeidsgivaren sin for å be om eit blikk utanfrå.
– Men Den norske kyrkja er ikkje ei gruppe fordi me tenker likt om alt, men fordi me er knytt saman i trua på noko større. Viss ein tar vekk den høgare himmelen, og ulikskapen, og berre skal vere konkurransedyktige – då står me i fare for å miste noko, seier Norheim.
Marknadsføringsekspert og kyrkjegjengar Magne Supphellen synest ikkje DNK skal avfeie denne oppmodinga så lett. NHH-professoren meiner sjølv ein tradisjonsrik og mangfaldig institusjon som kyrkja har noko å lære av marknadstenking rundt si eiga merkevare.
– Ja, alle som kjempar i ein marknad har det, og Den norske kyrkja kjempar i arbeidsmarknaden. Det er mykje å hente i å jobbe systematisk med å framstå attraktive for målgruppa, seier Supphellen.
Han har hatt ein kjepphest i årevis, som han meiner kjem til syne i rekrutteringskrisa no:
– Kyrkja har vore alt for dårleg på å bygge ein attraktiv profil, og å ha ein overordna strategi for dette arbeidet. Ein får på ein måte som fortjent. Kyrkja har ikkje tatt omdømmet sitt generelt, og til presteyrket spesielt, alvorleg, seier Supphellen.
[ – Eg har irritert meg over at Jesus er utvatna. Jesus blir gjerne litt barnehageonkel. ]
---
Rekruttering i DNK
- «Den norske kirkes rekrutteringsprosjektet 2018-2020» blei sett i gang i 2017, med mål om fleire søkarar til studium for kyrkjelege stillingar.
- I bakgrunnen låg eit skremmande framtidsscenario: DNK kan mangle 200 prestar i 2024.
- Fredag munna prosjektet ut i ein ny strategi for rekruttering, som blei lagt fram for Kyrkjerådet. Den skal seinare til behandling på Kyrkjemøtet.
---
Trur felles verdiar er mogleg
Sjølv om kyrkja er full av meiningar og lokale variasjonar trur Magne Supphellen likevel det er mogleg å kome fram til ein tydelegare profil.
– Det burde ikkje vere vanskeleg å finne fram til nokre positive fellesnemnarar, som alle kan vere med på. Under den paraplyen vil det sjølvsagt vere plass til eit stort mangfald, seier han.
Den norske kyrkja sentralt har ingen mål om å bli «best i klassen» på ein tydeleg nasjonal kyrkje-identitet. Verdien til kyrkja ligg i motsatt ende av organisasjonen, meiner direktøren i Kyrkjerådet.
– Kyrkja blir bygd nedanfrå, frå dei som utgjer dei lokale kyrkjefellesskapa, seier Ingrid Vad Nilsen.
Samtidig erkjenner ho at DNK no skal lytte til fagfolk, og sjå om kyrkja når fram med bodskapen sin.
– Styrka vår er at me har gode ambassadørar over heile landet, som kan kommunisere godt inn i sine lokale miljø, seier Vad Nilsen.

Meiner kyrkja framstår konfliktfylt
NHH-professoren ser to faktorar som formar korleis målgruppa for presteyrket, unge i kyrkja, får inntrykk av tenesta. Desse burde kyrkja gjere noko med, meiner Supphellen:
- Media. Her er inntrykket ofte verken spesielt positivt eller samlande, seier Supphellen. Sakene handlar ofte om administrasjon, politikk og konflikt.
- Korleis prestar snakkar om yrket sitt. Supphellen trur møta med dei unge i kyrkja er det som i størst grad formar korleis kyrkjelege jobbar framstår: – At prestar, biskopar og prostar snakkar varmt om yrket sitt, og motiverer talenta dei treff, er veldig viktig. Ein må bygge opp eit systematisk engasjement.
Dette engasjementet er prest og kyrkjerådsmedlem Kjersti Gautestad Norheim klar til å formidle.
– Eg har vore prest i 20 år, og opplever kvar dag å få gå til ein jobb med djup meining. Eg får følge folk og formidle evangeliet i dei store augneblinka, frå byrjing til slutt, og feire kjærleiken, følge ungdommar og bygge fellesskap som går på tvers av både alder og kven me er, fortel soknepresten i Birkeland menighet i Bergen.
Både ho og den nye rekruteringsstrategien til DNK støttar professorens oppmoding om å bruke prestar som ambassadørar. Norheim trur dei siste tiåras forandringar i presterolla, med arbeidstider og andre viktige ordningar, kan ha tatt fokus frå denne glødande og rekrutterande delen av rolla.
– Eg trur me har vore for dårlege, eller for lite bevisste, på å framsnakke presteyrket. Kanskje det andre fokuset har ført til at me har gløymt å gløde for yrket vårt utad, og snakke høgare om kor fantastisk denne jobben faktisk er? undrar Norheim.
Eg saknar ein refleksjon over kva kyrkja er, til forskjell frå ein business
— Kjersti Gautestad Norheim
Vil sjå seg sjølv utanfrå
Kyrkjerådsdirektøren meiner, som Norheim, at ein ikkje kan samanlikne kyrkja med ein bedrift eller ein organisasjon.
– Meiningsmangfald i kyrkja er først og fremst ei styrke. Det PwC-rapporten peiker på, er at det er stor forskjell på å sette pris på dette innanfrå, og korleis det blir opplevd utanfrå.
Ho konkluderer: Viss dette mangfaldet blir oppfatta som splitting og uklarheit utanfrå, må Den norske kyrkja tenke gjennom korleis ho blir oppfatta i samfunnet.
[ De erfarer et kall til prestetjenesten. Men noen tviler på at kallet er riktig. ]