Religion

Åtvara Kyrkjemøtet mot respektlaus debatt: – Me må lytte til kvarandre

Kvinneprest-strid og leiarkamp: På eit Kyrkjemøte prega av ueinigheit, mana åpningsmøtet til fellesskap.

– Himmel og hav så godt det er å sjå dykk! Det har vore mange bøner om Vårherre kunne fikse det sånn at det blei Kyrkjemøte. Og det blei det.

Framfor 115 medlemmer åpna leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, årets Kirkemøte i Trondheim. Pandemien utsette samlinga i vår, men i helga er delegatane samla for å vedta retninga for Den norske kyrkja framover.

Mykje står på spel i år. Gruppa Bønnelista hadde allereie varsla at dei ikkje vil godkjenne sakslista, noko dei likevel gjorde. Det går òg mot eit spennande val av kyrkjerådsleiar. Og allereie i åpningstalen blei debatten om kvinnelege prestar tent igjen.

Kirkemøtet 2020, torsdag.

Statsråd Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, under åpninga av eit utsett og annleis Kyrkjemøte. Foto: Ole Martin Wold. 

Åtvara mot steile frontar

– Det er for mange eksempel på respektlaus debatt, sa Raaum frå talarstolen.

Ho meiner å sjå tendensar til ein hardere og mer polarisert debatt. Etter inspirasjon frå Ungdommens kirkemøte tok ho til orde for å gå inn i årets Kyrkjemøte med god debattkultur.

– Eg håpar at me høyrer kva den andre seier. Me skal sjølvsagt kunne vere rykande ueinige. Men me må lytte til kvarandre, sa Raaum.

Kyrkjerådsleiaren la likevel vekt på at å vere ueinige driv kyrkja, og teologien, framover.

– Me treng kvarandre fordi me har ulike livserfaringar og opplevingar med tru. Det som bind oss saman, i samme kyrkje, er større enn ueinigheta vår, sa Raaum.

SJÅ DEBATTEN: Slik vil dei endre Den norske kyrkja som kyrkjerådsleiar

Preses: – Kvinners presteteneste er ein rikdom

Fleire nytta åpningsmøtet til å ta standpunkt i haustens

. Deriblant preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit:

###

– Me biskopar vil saman understreke at kvinners presteteneste er ein rikdom og ei velsigning for kyrkja, sa preses i sin tale.

Bispemøtet har snakka om korleis dei skal ta tak i denne splittinga. Neste veke skal dei drøfte vidare, og kome med ei felles uttaling.

– Det finst inga reservasjonsrett mot samarbeid mellom prestekollegaer – i dei oppgåvene som tenesta fastsett, og som er pålagt, sa preses.

Fykse Tveit meiner det er viktig å tydeleggjere kva forpliktingar som finst i samarbeid med andre når ein går i presteteneste.

– Det er godt mogeleg – som vi veit – å ha ulike meiningar om mange spørsmål som prestar i Den norske kyrkja. Men ein kan ikkje velge korleis dei skal komme til uttrykk i praksis når ein står i ei presteteneste, sa han.

LES OGSÅ: Harald Eia var sterkt kritisk til religion. Så byrja han på universitetet

Ber kyrkja ta krafttak for sårbare barn

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) invitere til ein litt annleis dugnad i Den norske kyrkja. Han vil rekruttere fleire fosterheimar, og ber kyrkja med på laget.

– Mitt mål er at alle barn skal få ein heim. Over tid har me hatt problem med å finne nok, og riktige, fosterheimar. Me treng familiar med forskjellig kulturell bakgrunn, og frå alle trussamfunn, sa Ropstad i åpningstalen.

I oktober har statsråden kalla Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) inn til eit møte for å få til ein «nasjonal fosterhjemsdugnad».

– Her vil eg utfordre dykk i Den norske kyrkja. No under koronaen treng me kyrkjas sosiale engasjement meir enn nokon gong.

– Me treng dykk – og alle gode frivillige krefter – i dette arbeidet. Eg håpar dykk i kyrkja tar utfordringa, sa barne- og familieministeren.

Kirkemøtet 2020, torsdag.

Barne- og familieministeren var til stades og helsa Kyrkjemøtet. Foto: Ole Martin Wold.

Skal vere inkluderande, ikkje «vellukka»

Kyrkjerådsleiar Gunleiksrud Raaum avslutta åpningstalen med å understreke at det å vere kyrkje ikkje handlar om å vere vellukka.

– Visst skal me ta nedgang på statistikkar på djupaste alvor, og jobbe med å skape endring. Men me skal vere Guds stemme og hender i verda. Me skal forkynne ein kompromisslaus nåde, sa ho.

– Eg kjenner ei særleg forplikting for å bidra til å gjere det levelig i kyrkja for alle som ønsker å høyre til. For saka er jo den: Me skal leve sammen som kyrkje, og me treng kvarandre – midt i ueinigheita.

LES MEIR:

• Mikael Bruun starta kvinneprest-debatten: «Som ung prest må jeg innrømme at jeg blir litt nervøs. Når vil jeg miste jobben?»

Kyrkjerådsleiar Raaum er lidenskapeleg opptatt av flanellografen

• Sjå «Min tro»: Preses Olav Fykse Tveit i samtale om trua si

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion