I Troshåndboka, ei samling av tekstar om det å leve med kristen tru, skriv forfattar Maria Kjos Fonn om korleis det å overgi seg til Guds vilje kan vere ein måte å overkomme hardferd, ulykke og sjukdom på.
– For å overkome alvorleg sjukdom kjem det eit punkt der ein er nøydd til å akseptere tilstanden. Ein må makta det å godta at ting er slik dei er.
Fonn blei ramma av traume og sjukdom, og det skulle ta heile 15 år å bli frisk nok til å leve med det. For henne handlar teologi også om psykologiske måtar å takle motgang på.
– Ikkje å nødvendigvis finne meining i det, men heller finne aksept og jobbe ut frå den situasjonen ein er i, fortel ho.
Førestille seg ulykke
Med debutromanen Kinderwhore frå 2018 fekk mange augo opp for forfattaren. Romanen tek for seg Charlotte, ei ung jente som veks opp med ei fråverande mor og med ein stefar som gjer henne til offer for regelmessige overgrep. Overgrepa kastar jenta ut i eit mørke, mogelegvis evigvarande. Til hausten kjem Kjos Fonn med ein ny roman. Han har tittelen Heroin Chic.
Bøkene er ikkje sjølvbiografiske. Likevel har Fonn nemnt at skrivinga til boka på mange vis var ein måte for henne å arbeide med eigne traume på. Fonn siterer den tysk-jødiske mystikaren Simone Weill:
– Når du ber Gud om «la vilja di skje», skal du førestille deg at all verdas ulykke skal kunne inntreffe.
– Å førestille seg at det kan vere mogeleg er ikkje å be om ulukke, men å akseptere livets uunngåelege straum. Det er ein måte å sjå eksistensen i auga, seier Fonn.
LES OGSÅ: Anmeldelse av kristen tro, ei bruksanvisning
Balansegang
Samtidig er det ein viktig balansegang i det heile, fortel ho. Det finst ein særs viktig skilnad mellom det å overkomme hardferd med å fortelje seg sjølv at Guds vilje trer fram, og det å forklare ulukka til andre på same vis.
– Eg likar ikkje tanken på at det finst ei meining i all liding, det er empatilaust overfor andre – moglegvis også for ein sjølv. Det handlar meir om å sleppe delar av den innbilte kontrollen. Då eg blei sjuk, brukte eg mykje tid på å slåss mot det eg ikkje kunne kontrollere. Det er ikkje vegen til å bli frisk, fortel ho.
Det er heller ikkje hennar ønske at ein med dette skal falle inn i ein apati – å bli passiv overfor urett.
Ho deler ei tankerekkje: Guds vilje er god og dreier seg om kjærleik til vår neste. Idet Lukas-evangeliet fortel at «Guds rike er midt iblant dere» – eller som i enkelte omsetjingar; endåtil i oss – kan ein forstå Guds vilje også som ein katalysator for handling. Det blir opp til menneska å realisere Guds vilje på jorda.
Ho siterer sinnsrobøna.
– Gi meg bistand til å akseptere det eg ikkje kan forandre, mot til å forandre det eg kan og forstand til å sjå forskjellen. Slik les eg den kristne bodskapen – at ein skal handle. Det er ikkje ein fatalisme i den bøna, seier Fonn.
Naturkatastrofar
Eit kristent liv må altså innebere ei deltaking og engasjement i verda, ifølge Fonn. Ho har problem med ein rådande sjølvhjelpsideologi som fortel at ein først må hjelpe seg sjølv, før ein skal kunne hjelpe andre. Ho tenkjer det for mange kan vere motsett.
– Eg trur heller ein gjennom å ønskje og utføre gode ting for sin neste kan oppleve at sjølvrespekten stig. For dei som ikkje evnar å elske seg sjølv som sin neste, kan det vere heilt nødvendig, seier ho.
I teksten ho har skrive til Troshåndboka knyter ho tankerekkjene sine opp mot klima og naturkatastrofar. Her finst lite rom for fatalisme og overgiving, ifølgje forfattaren. Forvaltaransvaret gitt til oss i Første mosebok har vi behandla på ein grådig måte. Her er det også trong for aksept, men mest av alt: handling.
– Vi nærmar oss økologisk kollaps. Vi har kort tid igjen, om vi ønskjer ei verd vi kan leve i – ei verd der Guds rike er midt iblant oss, seier Maria Kjos Fonn.
LES OGSÅ:
• Presist og særegent om menneskelig mørke
• Maria Kjos Fonn finner Gud i sprekkene
---
Fakta:
- Norsk forfattar og skribent.
- Frå Årvoll i Oslo.
- 30 år.
- Debuterte i 2014 med den kritikarroste novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen.
- Hausten 2018 ga ho ut romanen Kinderwhore.
- Til hausten kjem romanen Heroin Chic
---