Predikant Levi Jensen ignorerte Lillesand kyrkje si oppfordring – fortset med å lage «kaos»
Fredag heldt predikant Levi Jensen appellar utanfor Lillesand kyrkje. – Kan ikkje seie vi står innanfor det som gjekk føre seg, seier prost i Lillesand kyrkje Steinar Floberg.
Levi Jensen ignorerte direktemelding frå Lillesand kyrkje og heldt preiker utanfor kyrkja. Foto: Skjermdump frå Facebook
Evangelisten Levi Jensen laga nyleg «kaos» i Tvedestrand, noko som førte til at ordføraren i Tvedestrand forsøkte å ta frå han mikrofonen.
Fredag fortsette evangelisten med sine preiker, denne gong utanfor Lillesand kyrkje, 60 km unna. På førehand hadde Jensen meldt at han skulle «kurere homofile».
Enkelte demonstrantar hadde tatt med seg regnbogeflagg for å vise sin motstand, melder Lillesandposten.
Bestill abonnement her
KJØP