Religion

No er det lov å gravlegge i vegg

Ei endring i gravferdslova gjev lokale gravplassar høve til å reise urneveggar. Kremasjon og kistegravlegging vil i tillegg bli likestilt juridisk. – Feil signal å sende, seier Sp.

Stortinget gjorde vedtak om endringer i gravferdslova i forrige veke. Hensikta for å tillate urneveggar er å legge til rette for eit meir mangfaldig samfunn og ei venta auking i talet på dødsfall dei neste tiåra, heiter det i innstillinga. Det vil vere opp til kvart enkelt kyrkjelege fellesråd om dei ønskjer å lage ein urnevegg.

Utfordringar

Eit kolumbarium – eller urnevegg – er eit byggverk med nisjer, kor oskeurna blir murt inn, ofte i mange etasjar. Urneveggar er vanlege i katolske land. I Noreg har gravskikken vore forboden sidan 1997.

I ei tidlegare sak i Vårt Land kom det fram at fleire kyrkjelege fellesråd meinte at kolumbarium kunne vere i strid med grunnleggande gravferdsprinsippar. Nesodden Kirkelige Fellesråd stilte spørsmål «om denne gravskikken ikke representerer et brudd med en luthersk forståelse av gravferden». Årsaka er at oska med denne skikken ikkje med ein gong blir ført tilbake til jorda.

Biskop Halvor Nordhaug meinte at gravskikken baud på teologiske utfordringar.

– At mennesket er ein bit av økosystemet er ikkje berre ein bibelsk tanke, men ein kjensgerning, og ein viktig tanke å halde oppe, sa han.

LES MER: Biskop kritisk til urnevegger.

Stemte for endring

Stortingsrepresentant i familie- og kulturkomiteen, Jorunn Gleditsch Lossius (KrF), fortel at hovudargumentet for å tillate urneveggar handlar om at Noreg skal tillate andre gravskikkar når befolkinga blir meir mangfaldig.

– Å reise urneveggar kan også gjere det lettere for etterlatte å halde på gravplassen, seier Lossius.

Kva seier de til den teologiske innvendinga at urneveggar kan representere eit brot med ei luthersk forståing av gravferden?

Med å legge til rette for eit mangfald tar vi vare på at ein får velje sjølv. Dermed blir ikkje dette eit brot med den lutherske læra, seier Lossius.

Juridisk likestilt

Før gravferdslovendringa var det stilt opp eit eige vilkår for kremasjon: «Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med avdødes ønske.» I innstillinga kom det fram at dette kunne bli lese slik at kistegravlegging var den primære måten å gravlegge på, medan kremasjon var unntaket. Ei tilsvarande motvilje mot kistegravlegging blei ikkje synleggjort i lova.

Dette leddet vil no bli tatt bort for å gjere kremasjon og kistegravlegging juridisk likestilt.

Sps Åslaug Sem-Jacobsen stemte for å tillate urneveggar, men å likestille kremasjon og kistegravlegging var Senterpartiet imot.

– Vi tenkte det blei feil signal å sende til ein stor del av befolkinga som ikkje har det forholdet til kremasjon, seier ho.

Det vil framleis vere mogleg å reserve seg mot kremasjon. I Noreg var det 44 prosent som valde kremasjon framfor kistegravlegging i 2019.

LES OGSÅ: Stor auke i oskespreiing: – Heng saman med religiøse opplevingar i naturen

---

Fakta:

---

Jo Arne Hansen-Marvik

Mer fra: Religion