Det er no kring 1400 menneske som har valt å få oska si spreidd i naturen framfor å bli gravlagde. Det er ein auke på 30 prosent dei siste fem åra. Det syner tal som Norsk Friluftsliv har henta inn.
Fylket kor det har vore størst auke er i Innlandet. Her er det 80 fleire enn i 2014 som har søkt og fått innvilga søknaden om oskespreiing.
Friluftsinteresse
Teolog og generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal, ser dragnaden mot oskespreiing i samanheng med ei aukande interesse for natur og friluftsliv. Auken hender samstundes som oppslutninga kring kyrkjelege ritual vert mindre.
– Fleire undersøkingar som Ipsos har gjort for Norsk Friluftsliv viser at mange nordmenn har religiøse opplevingar i naturen, seier Heimdal.
Han trur trenden med oskespreiing er komen for å bli.
– Det er all grunn til å tru at den store interessen nordmenn har for natur og friluftsliv vil gjere at mengda som vel oskespreiing framfor gravferd vil fortsette å vekse i åra framover.
Tillating
For å få tillating til oskespreiing må ein søke til fylkesmannen. Oska kan spreiast for vinden på fjellet, i fjordar, elvar og andre naturvakre omgivnadar, men må ikkje spreiast i nærleiken av hytter eller andre busetnadar.