Får ikkje fritak frå data

Kristne foreldre i Vennesla vil at barna ikkje skal lære å bruke PC og internett. Forskar etterlyser kunnskap om fritak i skulen.

«Dyret»: I Vennesla har kristne familiar i fleire år fått fritak for borna sine frå IKT-undervisning i skulen sidan dei ser på TV, IKT og Internett som «Dyret» i Johannes Åpenbaring. No har rektor og Fylkesmann bestemt at elevane likevel må lære data på skulen. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB scanpix
Publisert Sist oppdatert

I fleire år har Samkom skole og Vennesla ungdomsskole gitt ei gruppe elevar fritak frå undervisninga i IKT. Men no er det stopp, sjølv om tre familiar har søkt både Vennesla kommune og Fylkesmannen i Vest-Agder om fritak for borna sine, skriv Vennesla Tidende.

Foreldra skriv i klagebrevet til Fylkesmannen at dei ser på TV, IKT og internett som det som i Bibelen blir skildra som «Dyret» i Johannes Openberring. Difor vil dei beskytte borna sine mot dette.

– Du kan få fritak frå undervisninga dersom kunnskapsmålet kan bli lært på ein annan måte. Dette kan du be om ut ifrå religiøs overtyding. Men i dette tilfellet er det ingen veg utanom, seier seniorrådgjevar ved Fylkesmannens utdannings- og barnevernsavdeling, Maiken Messel.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP