110 prestar har skrive under på opprop som krev Israel-boikott
OPPROP: Organisasjonen Sabeel Kairos Norge kritiserer Den norske kyrkje for å ikkje ta tydleg nok standpunkt om Palestina. No har over hundre prestar skrive under på opprop.
EI UTSTREKT HAND: Håvard Skjerdal (t.v). leiar i Sabeel Kairos Norge og Andreas Saaghus (t.h) som er styremedlem i same organisasjon. – Det er konfronterande, men oppropet er også ei utstrekt hand. Me treng eit strekt engasjement for å saman skal skape meir solidaritet, seier dei.
Privat
I eit kyrkjeleg opprop for rettferdig fred i i Palestina og Israel krev over 400 personar at kyrkja må ta tydlegare standpunkt om Palestina og Israel si krigføring og okkupasjon av palestinske område.
Det er Sabeel Kairos Norge, eit nettverk som støttar palestinske kristne og organisasjonane Sabeel og Kairos i Palestina og Israel, som står bak oppropet.
– Det er eit ope opprop, dei som vil kan signere. Men me er ein organisasjon som er tett knytt opp til kyrkjelege organisasjonar, og det har derfor vore mange prestar og tilsette i DNK som har signert, seier Andreas Saaghus, styremedlem i Sabeel Kairos Norge til Vårt Land.