Nestleiaren i KrFU ynskjer abortforbod i Noreg
KRFU: Joel Ystebø er inspirert av dei nylege abortinnstrammingane i USA, og håpar på eit generelt abortforbod i Noreg.
LIVET STARTAR: – Prinsipielt meiner eg livet startar ved befruktning, seier Joel Ystebø til NRK.
Erlend Berge
– Eg ser føre meg at det ikkje skal vere lovleg med abort i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv.
Det seier avtroppande politisk nestleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), Joel Ystebø til NRK.
Den siste tida har retten til abort vore ei heit sak i USA. Tidlegare denne månaden skapte det sjokkbølgjer då eit lekt dokument antyda at USAs høgsterett kan stemme for å avskaffe retten til abort. Dette kom etter at ei rekkje delstatar i landet har innfør strenge abortlovar.