Kultur

Glimrande krigsdrama

Med den nye dramaserien Kampen om tungtvannet har NRK laga ein medrivande, eksistensiell tungvektar.

Vi får tydelegvis aldri nok av 2. verdskrigen. Nyleg har både Ingrid Storholmen (Her lå Tirpitz) og Mirjam Kristensen (Jeg har ventet på deg) skrive romanar med krigen som det vesentlege bakteppet. Marte Michelet har fått stor merksemd om boka Den største forbrytelsen, som handlar om jødane sin lagnad i Noreg under krigen. Det har også Eirik Veums tre Nådeløse nordmenn-bøker fått. Veum namngir ei rekkje nordmenn som var medløparar for den tyske okkupasjonsmakta.

LES INTERVJU MED REGISSØREN: Mer spent på seertall enn kritikker

Når NRK-serien Kampen om tungtvannet startar med ein dobbelepisode søndag kveld, er det heller ikkje første gongen det kjem ei filmatisering av den kjente allierte sabotasjeaksjonen mot tungtvassfabrikken på Vemork, ved Rjukan i Telemark. I 1965 regisserte Anthony Mann den britiske filmen Helter i Telemark, med Kirk Douglas og Richard Harris i dei sentrale rollene. Den britiske TV-miniserien Kodenavn Intrepid frå 1979 skildrar også dette spennande stykket norsk og internasjonal krigshistorie.

LES OGSÅ: – Det er viktig å få innsikt i sviket, selv om det smerter

Spelte seg sjølve

Allereie i 1948 kom den første filmen, ein norsk-fransk produksjon der den seinare katolske biskop John Willem Gran var regiassistent for regissørane Jean Dréville og norske Titus Vibe-Müller. Fleire av dei norske motstandsmennene spelte seg sjølve. Henki Kolstad spelte rolla som fabrikk-innsidaren Einar Skinnarland, men både Jens-Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Claus Helberg, Knut Haukelid tok oppgåva som skodespelarar på strak arm. Så var då også den opphavlege leiaren for Kompani Linge-gruppa – Martin Linge frå Sunnmøre – skodespelar av yrke.

Regissør Per-Olav Sørensens Kampen om tungtvannet er blitt ein norsk dramaserie med internasjonalt tilsnitt. Dette både i form og innhald, slik historia vekslar mellom dei norske motstandsmennene og den tyske fysikaren Werner Heisenberg, nobelprisvinnaren som under krigen leia det tyske arbeidet for å utvikle atombomba.

LES MIN TRO MED MARTE MICHELET: Åpenbaringen

Politisk naiv

Heisenberg (Christoph Bach) er skildra på nyansert vis, som ein ærgjerrig og politisk naiv forskar, der du berre i små glimt kan ane dei moralske skruplane han får ved arbeidet med å skape ei atombombe som kan utslette ein by som London. Slik serien skildrar det, blir Heisenberg i starten nærmast pressa til å samarbeide med naziregjeringa, men den etterfølgjande mangelen på refleksjon blir særleg tydeleg i eit kort møte med den danske kollegaen Niels Bohr. Han råder Heisenberg – på det sterkaste – til å trekke seg ut av prosjektet han er i gang med. For Heisenberg er det derimot viktigare at han får jobbe fagleg med store ressursar tilgjengeleg. Venskapen med Bohr tek slutt på ein dag.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vekslande søkelys

På norsk side skiftar søkelyset i serien mellom Leif Tronstad (Espen Klouman-Høiner) og dei britiske partnarane hans, som organiserte Vemork-aksjonen frå England, mennene i Grouse/Gunnerside, som utførte sjølve sabotasjen, og den tyskvenlege fabrikksjefen på Vemork, Bjørn Henriksen (Dennis Storhøi). Tobias Santelmann spelar rolla som Joachim Rønneberg, som leia aksjonen på bakkeplan. Andre kjente skodespelaransikt er Frank Kjosås, som spelar Knut Haukelid, Rolf Kristian Larsen, som spelar Einar Skinnarland og Christian Rubeck, som spelar Claus Helberg. Stein Winge har ei lita og potent rolle som Hydro-sjefen Axel Aubert, som hadde ei i overkant pragmatisk innstilling til kor vidt det var greitt å selje tungtvatn til den tyske okkupasjonsmakta.

Kampen om tungtvannet går i seks delar. Oppbygginga er akkurat passe lang, der serien får eit første klimaks i skildringa av den nervepirrande forseringa av juvet ved Vemork og sprenginga av tungtvasscellene i fabrikkjellaren. Det strabasiøse opphaldet på Hardangervidda dannar ei fin opptakt til sjølve aksjonen.

LES OGSÅ: – Vanlige mennesker kan endre verden

Vellukka sabotasje

Noko av det fantastiske ved denne aksjonen er at dei norske motstandsmennene under Joachim Rønnebergs leiing klarte å sprenge og øydelegge tungtvassproduksjonen utan at dei trong å løsne eit einaste skot. Det er ikkje for ingenting at Operasjon Grouse/Gunnerside av mange blir rekna som den mest vellukka sabotasjeaksjonen under andre verdskrigen. Der og då, så lenge ingen visste kor langt tyskarane var komne i utviklinga av atombomba, var aksjonen også svært viktig. Om tyskarane hadde klart å utvikle atombomba først – noko det i ettertid ikkje ser ut som om at dei kunne klart – kunne krigshistoria sett fatalt annleis ut.

Kampen om tungvannet er kvalitet i alle ledd, ikkje minst med fantastisk fotografering av John Kristian Rosenlund. Serien tilbyr også ei rekke moralske og eksistensielle dilemma som løftar han endå nokre hakk. Regissør Per-Olav Sørensen og manusforfattar Petter S. Rosenlund klarer å skru til den ytre spenninga maksimalt, samtidig som serien ikkje flatar ut på det indre spenningsplanet.

Høg kvalitet

NRK-serien, produsert av Filmkameratane, er svært påkosta – endå dyrare enn Halvbroren, som også var regissert av Per-Olav Sørensen. Då er det gledeleg å kunne fastslå at pengane ikkje har blitt sløst ut av vindauget. I same andredrag er det verdt å merke seg kulturminister Thorhild Widvey har fått ei utredning på bordet sitt som anbefaler at produksjonsstøtte til fjernsynsdrama blir kutta. Er det vegen å gå for å stimulere norske produksjonsmiljø til å lage fleire seriar av høg kvalitet?

Denne serien kjem iallfall heilt sikkert til å få velfortent høge sjåartal. Kampen om tungtvannet er norsk fjernsynsdrama på sitt beste.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur