Gjendiktigsbragd

MELDING: Den amerikanske poeten Robert Bly er meir utfordrande enn nokon gong, i ei meisterleg gjendikting til norsk.

Den natta Abraham ropte til stjernene» av i Odd Goksøyr gjendikting ved på Ura Forlag – er «Ei gjennomførd vakker og kultivert diktbok», skriv vår anmeldar.
Publisert Sist oppdatert

Den amerikanske poeten Robert Bly har norske forfedre frå Bleie i Hardanger, noko han sjølv ofte nemner. Men bortsett frå det genetiske og bortsett frå at han voks opp på ein gard i det «norske» Minnesota, er det meir fransk, spansk og tysk modernisme enn trygg heimstaddikting i lyrikken hans. Rett nok finst det ein åndeleg slektskap mellom Bly og ein fruktdyrkar frå Hardanger, Olav H. Hauge. Dei tek begge gjerne utgangspunkt i velkjende bilete frå natur, gardsdrift og hagebruk for så å føra diktet inn i eit meir komplisert landskap av lærdom og sjelsdjup. Hauges djupe spirituelle og metafysiske, ja religiøse, forankring er elles sterkt underkommunisert i det biletet av Hauge som vart så entusiastisk løfta fram av den radikale Profil-krinsen på 1960 og 1970-talet.

Meir enn ting

Bly skapte ei motbylgje i amerikansk poesi ved å opponera mot tradisjonen frå amerikansk modernisme, som han meinte vart for enkel i sin objektivitet. Tinga er lysande klåre også i hans poesi, men han vil noko meir enn det tinglege: Ei frigjering av tanken, eit rom for det subjektive og for det undermedvitne.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP