Bøker

Einsemd og nærleik

Det som vert ståande att er det vedunderleg vakre og såre i romanen, med prosalyriske passasjar som lyser ut i landskapet og inn i menneskesinnet, skriv vår meldar.

Denne anmeldelsen er skrive av Knut Ødegård.

Rune Christiansen debuterte som lyrikar. Det er poetiske kvalitetar som ber også prosabøkene hans. Ikkje minst er dette tydeleg i den nye romanen Ensomheten i Lydia Ernemans liv. Som lyrikar grensar Christiansen ofte mot prosaen (til dømes i samlinga Anticamera), medan han altså legg seg tett inn mot det poetiske språket i prosaen.

Årets roman er ein «gamaldags» roman der dei ytre hendingar dreier seg om landsens liv og opplevingar av natur og dyr, om sjeleleg einsemd og lengt etter nærleik og kjærleik. Og det er vel i denne krinsen at så mangt stort i diktekunst finst, både i fortid og samtid. Christiansen er ein poet i verda, som sansar, registrerer med blikk for både det minste og det store i desse våre kvardagslege liv.

Sjeleleg binding

Historia dreier seg rundt den svenske småbrukardottera Lydia Erneman, som utdannar seg til dyrlege og sidan får sitt virke og liv i norsk bygdemiljø. Det som hender, er slikt som hender i våre liv: Foreldra døyr, kvardagen har sine utfordringar, der er lengt og der er død. Men Lydia har ei sjeleleg binding som skapar avstand i kjenslemessige relasjonar. Dette kan vere bindingar som skriv seg frå barndomsopplevingar (vi høyrer om «fortielser», «en fjernhet og et fravær»). Derimot er ho uvanleg lydhøyr for dei minste rørsler i natur og dyr.

Forholdet til skodespelaren Edvin, deira samliv og gleda over dottera dei får, er ein viktig del av forteljinga. Men heile tida, frå barndom til midtvegs i livet, er det den sjelelege tilstanden – det avstengde i forhold til normale menneskelege relasjonar og det vidopne i forhold til dei små og til natur – som er det eigentlege innhaldet i denne boka.

Finstemt

Det skal seiast tydeleg at Rune Christiansen har gjeve oss ei heilt uvanleg finstemt prosalyrisk bok. Det er ein hamsunsk vârleik for rørsler i natur og sinn, ofte smeltar dette saman, men utan den gamles ironi og utfall mot modernitet. Derimot manglar det moderne her, eller i alle fall: Det er lite som fortel oss at Lydia og Edvin lever sine liv i vår tid. Vi får berre hint om dette ved at det ein sjeldan gang finst eit fjernsynsapparat og at dei ser på Barne-TV slik som i deira eigen barndom.

LES OGSÅ: 'Et solid håndtrykk'

Det tidlause

Eg veit ikkje kor medvite dette fråveret av samtidsfenomen er frå Christiansens side. Kanskje vil han berre skrive ein «tidlaus» roman om ein mogeleg «hensikt» og det «å leve ubemerket» (slik det er formulert). Men det tidlause er vanskeleg å hanskast med. Menneske og fenomen er utleverte til tida som berande element, saman med det rommet som tida herjar med. Her er nesten ingen moderne gjenstandar eller tekniske innretningar, ingen krig eller fred ute i verda, ingen nasjonale stridssaker eller velstandsproblem.

LES OGSÅ: Som å snakke med Askildsen

Antikvert dåm

Dette fråveret, saman med påfallande gamalmodige og «litterære» formuleringar, vert til ein viss grad balansert gjennom dei overtydande skildringane av dyrlegens fag og gjerningar. Her har forfattaren gjort mykje og god research. Formuleringar som «bebudelse», å vere «særdeles dugelig», at det er «bragt rede i grunner», å «finne hvile i hverandres selskap», «en tyngelse» og så vidare skapar ein merkeleg antikvert dåm over forteljinga om Lydia Erneman.

LES OGSÅ: Ujevnt fra Renberg

Det vakre og såre

Innslaga av svensk poesi og bondepraktika er interessante, men – særleg det siste – noko unødvendige tillegg i romankomposisjonen. Det som vert ståande att er likevel det vedunderleg vakre og såre i romanen, med prosalyriske passasjar som lyser ut i landskapet og inn i menneskesinnet. Som prosalyrisk ordkunstnar står Rune Christiansen fremst i dagens norske litteratur.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker